Skattefunn

Auke i FoU-årsverk med høgare grads utdanning

I Møre og Romsdal er det ein auke i FoU-årsverk utført av personar med høgare grads utdanning frå 2017 til 2018, frå 405 til 475 årsverk. Det er ein vekst på heile 17,3 prosent. For landet samla er det ein liten nedgang, med reduksjon i 9 av 19 fylke dette året. Samla for landet i 2018 var det 14 535 FoU-årsverk utført av personar med høgare grads utdanning, Møre og Romsdal sin del av dette var 3,3 prosent. 

Nedgang i talet på skattefunnprosjekt

Gjennom SkatteFUNN-ordninga kan små og mellomstore bedrifter få 20 prosent av kostnadane som skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret, mens store bedrifter kan få 18 prosent frådrag av prosjektkostnadane. SkatteFUNN-prosjekt må vere avgrensa og målretta og dreie seg om utviklinga av ei ny eller forbetra teneste, produkt eller produksjonsprosess.

I prosjektbanken til Forskingsrådet kan vi finne tal og statistikk om forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet og EU og godkjente SkatteFUNN-prosjekt. Her finn vi at bedrifter i Møre og Romsdal i 2019 til saman hadde 402 aktive SkatteFUNN-prosjekt. Dette er 68 færre enn i 2018, ein reduksjon på 14,5 prosent. Dette gav eit budsjettert skattefrådrag i 2019 på 264,4 millionar kroner. Toppåret var 2017 med 506 prosjekt og over 300 kroner i støtte. Også for landet samla gjekk talet på prosjekt som fekk støtte ned med 9,3 prosent i 2019. 6 985 prosjekt fekk støtte frå SkatteFUNN-ordninga i 2019. 

Sidan 2002 og fram til no har verksemder i Møre og Romsdal mottatt 2,9 milliardar kroner. Ser vi på kva prosjekt i Møre og Romsdal som har fått støtte, er det klart flest prosjekt innan marin og sjømat. Deretter kjem prosjekt innan den maritime næringa. Den tredje største gruppa er prosjekt frå IKT-næringa.