Sysselsette etter sektor
Kommunane står for veksten i sysselsettinga
I 2020 var det 41 902 sysselsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal. Det utgjorde 32,6 prosent av alle arbeidsplassane i fylket.
Kommunane står for 22,5 prosent av sysselsettinga i fylket. Dette er ein høgare del enn landsgjennomsnittet, som er 18,7 prosent. I 2015 var det 27 638 tilsette i kommunane i fylket, i 2019 var dette auka til 28 879. Dersom vi held dei 214 sysselsette i Halsa i 2015 utafor, utgjer dette ein auke på 5,3 prosent. Til samanlikning viser utviklinga i privat sektor frå 2015 til 2019 ein liten nedgang på 0,1 prosent.
Det er store skilnadar mellom kommunane i fylket når det gjeld offentlege arbeidsplassar. I Volda utgjer arbeidsplassane i offentleg sektor 50,8 prosent av arbeidsmarknaden per 4. kvartal 2019, medan den utgjorde 46,3 prosent i det som var Nesset kommune. På den andre sida av skalaen finn vi Ulstein, kor offentlege arbeidsplassar utgjorde 18,8 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Tilsvarande tal for Sykkylven var 22,5 prosent.
Dersom vi ser på statlege arbeidsplassar, vart det på landsbasis 10 900 fleire sysselsette mellom 2015 og 2019. Dette var ein auke på 3,7 prosent. For Møre og Romsdal var veksten i same tidsperiode på 0,8 prosent, eller 79 sysselsette. Det er 10 526 statlege arbeidsplassar i fylket, noko som utgjer 8,2 prosent av dei sysselsette. Nasjonalt er denne delen 11,3 prosent. Av kommunane i fylket er det Volda som har høgast del med 24,0 prosent, deretter Molde med 16,8 prosent og Ålesund med 14,2 prosent. Også i Kristiansund utgjer dei statlege arbeidsplassane over 10 prosent per 4. kvartal i 2019.
Fylkesvis er det Troms som tronar på topp når det gjeld sysselsetting i statsforvaltninga, der desse arbeidsplassane utgjer 18,7 prosent. Møre og Romsdal er blant fylka med lågast del sysselsette i staten, berre Rogaland ligg under oss på rangeringa.