Grunnskole
Nedgang i elevtalet på barnetrinnet
I perioden 2016–2019 hadde 26 av dei 35 kommunane i fylket nedgang i elevtalet på barnetrinnet. Nedgangen er relativt sett størst i kommunane Stordal og Sandøy, der elevtalet har gått ned med 17,4 og 16,7 prosent i perioden. Dette er kommunar med få innbyggarar, men vi ser også stor nedgang i kommunar med høgare innbyggartal. Til dømes hadde kommunane Sunndal, Vestnes og Volda nedgang i elevtalet på 12,8, 9,0 og 8,5 prosent. Den største auken i elevtalet finn vi i Skodje, Ørsta og Sula. I dei tre store byane i fylket er det auke i elevtalet i Molde og Ålesund, mens det er ein tilbakegang på 3,9 prosent i Kristiansund.
I same periode var det nedgang i elevtalet på ungdomstrinnet i 18 kommunar i Møre og Romsdal. For fleire kommunar er det forskjell på elevtalsutviklinga på ungdomstrinnet og barnetrinnet. Til dømes hadde Ørsta ein auke i talet på elevar på barnetrinnet, men ein tilbakegang i elevtalet på ungdomstrinnet. I mange kommunar, som til dømes Aukra, Vestnes og Volda, auka talet på elevar på ungdomstrinnet, samtidig som det var nedgang i elevtalet på barnetrinnet. Utviklinga i elevtalet på barnetrinnet vil på sikt påverke elevtalet på ungdomstrinnet og det totale elevtalet i fleire kommunar i Møre og Romsdal.
Stor variasjon mellom kommunane i tildeling av spesialundervisning
Retten til spesialundervisning er heimla i § 5–1 i opplæringslova. Elevar som ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den ordinære opplæringa, har rett til spesialundervisning. I 2019 fekk over 10 prosent av elevane i 15 kommunar i Møre og Romsdal spesialundervisning. Det nasjonale gjennomsnittet er 7,8 prosent, og i fylket 9,2 prosent.
21 kommunar i Møre og Romsdal ligg over det nasjonale gjennomsnittet i å innvilge rett til spesialundervisning. I Ørsta kommune får 4,7 prosent av elevane spesialundervisning, mens 14,1 prosent av elevane i Norddal kommune mottar spesialundervisning. Desse to kommunane representerer ytterpunkta i tildelinga av spesialundervisning.
Dei aller fleste av elevane i grunnskulen byrjar i vidaregåande opplæring hausten etter dei avsluttar grunnskulen. Det er liten skilnad mellom kommunane i forhold til dette.
Elevane frå Vanylven hadde best sluttvurdering i grunnskolen
Elevane gjer det betre og betre på skolen, skal vi tolke sluttresultatet i grunnskolen. Dei siste åra har elevane gått ut med fleire grunnskolepoeng enn tidlegare. Det nasjonale gjennomsnittet har dei siste åra auka med over eitt poeng. I 2015 var landsgjennomsnittet 40,8 poeng, som auka til 41,9 poeng i 2019. Elevane i Møre og Romsdal har følgt same utvikling, og fylkesgjennomsnittet auka i same periode frå 40,6 poeng til 41,9 poeng.
Det er relativt stor variasjon kommunane imellom knytt til sluttvurderinga i grunnskolen. I 2019 hadde elevane i kommunane Hareid, Vestnes, Halsa og Averøy lågast sum grunnskolepoeng ved avslutninga av grunnskoleopplæringa. Elevane frå Hareid hadde aller færrast grunnskolepoeng med eit gjennomsnitt på 38,9 poeng, mens elevane frå Vanylven hadde høgast gjennomsnitt med 45,3 poeng. I små kommunar, med få elevar, er det naturleg at resultatet varierer frå år til år. Dei enkelte årskulla kan ha ulike føresetnader, og dette vil gi ekstra utslag når talet på elevar er lågt.
I inntaket til vidaregåande opplæring konkurrerer elevane med dei karakterane dei får i grunnskulen. Grunnskolepoenga er derfor svært viktig for den vidare skolegangen til elevane. Ein lik vurderingspraksis mellom skolar og kommunar er viktig, for at elevane skal kunne stille med like føresetnader i inntaket til vidaregåande opplæring.