Vidaregåande skole – søkarar og elevar

Fagerlia hadde flest søkarar med ungdomsrett

I skoleåret 2019/2020 var det 23 (22 frå skoleåret 2020/2021) fylkeskommunale vidaregåande skolar (vgs) i Møre og Romsdal og tre private (Akademiet vgs i Molde og Ålesund, samt Vestborg vgs i Stranda). Dei vidaregåande skolane skal gi utdanningstilbod til innbyggarar i eigen kommune, region og fylke, men også i landsdelen gjennom såkalla landslinjer.

I skoleåret 2019/2020 var det 8 946 elevar frå Møre og Romsdal med ungdomsrett (registrert per september 2019) på vidaregåande skolar eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune, i underkant av 100 færre enn skoleåret 2018/2019.

Fagerlia vgs hadde flest søkarar med ungdomsrett etter førsteønsket frå Møre og Romsdal (999 søkarar til skoleåret 2020/2021). Romsdal vgs hadde i år flest elevar med ungdomsrett (838 elevar i skoleåret 2019/2020). Dei sju fylkeskommunale skolane (Fannefjord vgs ikkje rekna med) i Ålesund, Molde og Kristiansund har 59 prosent av alle elevane og 56 prosent av alle søkarane med ungdomsrett frå Møre og Romsdal i den offentlege vidaregåande skolen i fylket. Til samanlikning bur 45 prosent av dei som fyller 16, 17 eller 18 år i 2020, i ein av desse tre kommunane.

Borgund vgs hadde våren 2020 søkarar frå heile 24 av dei 26 kommunane i fylket mens Ålesund vgs hadde elevar frå flest kommunar i fylket (25). Landbruksskolen Gjermundnes vgs hadde søkarar frå 17 kommunar i fylket til skoleåret 2020/2021 og elevar frå 18 av kommunane i skoleåret 2019/2020. 97 prosent av søkarane til Rauma vgs og 95 prosent av elevane var frå eigen kommune.

Det er stor breidde i val av vidaregåande skole. Førre skoleår var det ungdom frå Molde kommune på 16 av dei fylkeskommunale vidaregåande skolane. Tilsvarande tal for Ålesund var 15 og Kristiansund 11.

Fleire søkarar til Vg1

1. mars hadde 3 808 ungdommar med ungdomsrett søkt om skoleplass på Vg1 for skoleåret 2020/2021 på dei fylkeskommunale vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Dette er 154 fleire søkarar enn i fjor, ein auke på 4 prosent. Til dei studieførebuande tilboda viser søkinga ein samla auke på om lag 1 prosent til 1 704 søkarar mot 1 689 søkarar året før. For dei yrkesfaglege tilboda var auken 7 prosent, frå 1 965 til 2 104 søkarar. Til skoleåret 2020/2021 søkte om lag 55 prosent av dei med ungdomsrett til yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg1, ein auke på 1,5 prosentpoeng.

Størst auke for Bygg- og anleggsteknikk

Våren 2020 var det størst auke (28 prosent) i søkinga til Vg1 Bygg- og anleggsteknikk. 188 hadde dette utdanningsprogrammet som førsteønske, mot 147 i fjor, ein auke på 41 søkarar. Også til Vg1 på utdanningsprogramma Elektrofag, Helse- og oppvekstfag og Naturbruk auka søkinga. Til skoleåret 2020/2021 er Helse- og oppvekstfag igjen det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med flest førsteønskesøkarar, med 520 søkarar med ungdomsrett til Vg1. Av alle utdanningsprogramma har Studiespesialisering flest søkarar (1 148 søkarar). Veksten for Teknikk og industriell produksjon (TIP) i 2018 og 2019 vart snudd til ein nedgang våren 2020. 482 søkte til utdanningsprogrammet TIP for skoleåret 2020/2021, ein nedgang på 29 søkarar (-5 prosent).

38 prosent kvinnelege søkarar til Vg1 yrkesfag

Kjønnsubalansen i søkinga til vidaregåande opplæring held fram. 59 prosent av søkarane til dei studieførebuande utdanningsprogramma var kvinner. På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma var delen kvinner 38 prosent. Lågast del kvinnelege søkarar hadde Bygg- og anleggsteknikk (10 prosent), mens det var lågast del mannlege søkarar til utdanningsprogrammet Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (8 prosent).

Fleire søkarar til læreplass

I vidaregåande opplæring fører om lag 185 programområde fram til yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. Desse programområda kallar vi lærefag, og utdanningsprogramma dei ligg under, kallar vi yrkesfaglege utdanningsprogram. I lærefaga startar eleven opplæringa i vidaregåande skole. Dei fleste lærefaga har normert 2 år på skole. Deretter blir opplæringa som hovudregel avslutta med læretid i bedrift, som lærling eller lærekandidat. Læretida i bedrifta kallar vi fagopplæring.

Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, Helse- og oppvekstfag, Handverk, design og produktutvikling, Informasjonsteknologi og medie-produksjon, Naturbruk, Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv og Teknikk og industriell produksjon.

I mars 2020 hadde 1 184 søkarar frå Møre og Romsdal fagopplæring som førsteval for skoleåret 2020/2021, ein auke på fire søkarar frå året før. Det er framleis flest søkarar til lærefaga knytt til utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon, der det var 358 søkarar i 2020, ein auke på 26 frå året før (8 prosent).

Størst auke, både i tal og prosent, hadde helse- og oppvekstfaga. Auken var på 37 søkarar (i alt 182 søkarar til skoleåret 2019/2020 og 219 til skoleåret 2020/2021), som utgjer 20 prosent. Det var også ein auke til bygg- og anleggsfaga, frå 148 søkarar i fjor til 171 søkarar til skoleåret 2020/2021 (16 prosent), samt til Teknikk og industriell produksjon (nemnd over). I tal på søkarar var nedgangen størst innanfor Service og samferdsel (gammal ordning) frå 131 i fjor til 97 i år.

214 av søkarane var busett i Ålesund kommune, 129 i Kristiansund og 113 i Molde. Færrast søkarar var det frå Smøla (11).