Bibliotek

Auke i arrangement for barn og unge i biblioteka

Biblioteka legg til rette for kunnskapsformidling og å nå nye lånarar med litteratur og lesing. 

Arrangement for barn og unge aukar i biblioteka. Fleire bibliotek rapporterer at i 2019 har også eksterne hatt ansvar for opne arrangement og aktivitetar for denne målgruppa. Talet på arrangement per 1 000 barn og unge i 2019 var 36,9 i Møre og Romsdal, noko som gjer at vi ligg på ein 11. plass av fylka. Talet på arrangement per 1 000 barn og unge har sidan 2017 auka med 15,4 i Møre og Romsdal, mens det i Noreg auka med 9,6 i same tidsrom. 

Leseevna er grunnleggande for all læring og deltaking. Utlånet av barnelitteratur inkluderer både papir, elektroniskbok og lydbøker. Talet på utlån av barnelitteratur har gått ned grunna nedgangen i barnetalet i fylket, men utlån per barn har auka. Kvart barn låner i snitt 6,7 bøker i året, og dette er ein svak oppgang frå 2017. Fleire av biblioteka ligg høgt over landsgjennomsnittet for utlån av barnelitteratur, og dei fleste av desse er kombinasjonsbibliotek. Høgast ligg Sandøy med 27,5 bøker per barn. Gjennomsnittet for Noreg er 7,5 bøker utlånt per barn.

Møre og Romsdal har litt større auke i besøk per innbyggar enn landet, men framleis ligg vi under landsgjennomsnittet. Gjennomsnittet på besøk per innbyggar i Møre og Romsdal er 3,5, og i Noreg 4,9. I Møre og Romsdal har spesielt bibliotek som er meirope hatt stor auke i fysiske besøk sidan 2017, og størst auke har det vore for Smøla bibliotek med 7,8 besøk per innbyggar og Ulstein bibliotek med 5,4. Enkelte bibliotek hadde i 2019 stengt i periodar grunna flytting eller ombygging.