Kommunale bustader

Kommunane eig mange bustadar

I 2019 disponerte kommunane i Møre og Romsdal om lag 6 000 bustadar dei kunne fordele til personar som stillar litt svakare i bustadmarknaden, og som treng litt hjelp frå kommunen for å finne seg ein bustad. Per 1 000 innbyggarar har kommunane i fylket 22 bustadar, det er noko høgare enn landsgjennomsnittet på 20 bustadar per 1 000 innbyggarar. Samla for landet disponerer kommunane i alt nærare 110  000 bustadar som dei kan tilby innbyggarane sine. 

Blant kommunane i fylket er det færrast kommunalt disponerte bustadar per 1 000 innbyggarar i Fræna, Nesset og Averøy, med høvesvis 14, 15 og 15. Flest er det i Sandøy, med 62 kommunalt disponerte bustadar per 1 000 innbyggarar, medan Aure har nest flest med 42. 

Dei fleste kommunane i Møre og Romsdal eig dei kommunale bustadane. Heile 91 prosent av dei kommunalt disponerte bustadane er eigde av kommunane. På landsbasis er andelen 77 prosent. Dei andre kategoriane er innleidde bustadar, brukareigde bustadar med kommunal disposisjonsrett og privateigde bustadar med kommunal disposisjonsrett. Det er færre av desse i Møre og Romsdal, og samla sett utgjer dei om lag 700 bustadar i fylket. 

Talet utleigde bustadar synar at kommunane i stor grad har leigd ut dei bustadane dei disponerer. Av dei 5 908 bustadane kommunane disponerer er 5 308 utleigd. Det er 89,8 prosent av bustadane, og er marginalt lågare enn andelen nasjonalt som er 91,6 prosent. 

I følgje rapporteringa til KOSTRA (Kommune-Statrapporteringa) som er kjelda til statistikken så har ikkje Tingvoll kommune leigd ut nokon av bustadane dei disponerte per 31.12. Den kommunen som elles har lågast del utleigde bustadar er Norddal med 64,6 prosent. Høgast del utleigde bustader har Averøy med 100 prosent og Haram med 99,5 prosent.