Digitale plattformer

Bruken av digitale kanalar aukar framleis

FRAM er namnet på det offentlege kollektivtilbodet til Møre og Romsdal fylkeskommune. Talet på sidevisningar på nettsida frammr.no har auka kvart år dei siste åra. I 2019 var talet over 6,5 millionar, mens talet i 2015 til samanlikning var litt over 2,6 millionar. 76 prosent eller 5 millionar av sidevisningane i 2019 skjedde på ein mobiltelefon. I 2018 var talet 73 prosent eller 4,7 millionar.

I reiseplanleggaren på frammr.no er det og god auke i talet på søk. I 2015 var talet på søk omtrent 2 millionar, mens det i 2019 vart gjort over 4 millionar søk. Talet på søka gjort med reiseplanleggaren i FRAM-appen var over 3,7 millionar. Samla vart reiseplanleggaren brukt over 7,7 millionar gongar i 2019. Reiseplanleggaren gjer det enklare å reise kollektivt sidan du kan finne rutetidene i sanntid. Trykte rutehefte vart det slutt med frå 01.05.18.

I FRAM-appen vart det til saman selt 215 000 billettar i 2019. Dette omfattar både enkeltbillettar og periodebillettar, ein auke frå 135 000 billettar selt i appen i 2018. Totalt 3 millionar billettar vart selt i alle kanalane i 2019. FRAM-appen har vore tilgjengeleg sidan juli 2017, og gjer det enklare å kjøpe billett på førehand.

Talet på telefonar til FRAM Kundesenter har fortsett trenden med ein nedgang kvart år etter 2016. I 2019 var det omtrent 54 000 telefonar til kundesenteret, og svarprosenten var 91,0. I 2018 vart det ringt til FRAM Kundesenter ca. 65 000 gongar, med ein svarprosent 88,3 og i 2017 ca. 70 000 gongar, med ein svarprosent på 88,1. Av skriftlege førespurnadar gjennom det digitale kontaktskjemaet på frammr.no fekk FRAM Kundesenter ca. 4 500 i 2019. Til samanlining var det ca. 4 000 digitale førespurnadar i 2018 og ca. 3 100 i 2017.