Fagskole
Nedgang i talet på fagskolestudentar siste år
Fagskole er ei toårig utdanning som bygger på fagbrev frå vidaregåande opplæring eller realkompetanse. I studieåret 2019/2020 var det fire fagskolar i Møre og Romsdal. Fagskolen i Ålesund og Fagskolen i Kristiansund er fylkeskommunalt eigd, mens Fagskolen Aldring og helse er organisert under Sykehuset i Vestfold, men tilbyr samlings-/nettbasert fagskoleutdanning i Møre og Romsdal*. Ålesund kunstfagskole er privateigd. Til saman var det 360 fagskolestudentar i fylket våren 2020 mot 435 våren 2019, ein nedgang på 75 studentar. Talet på fagskolestudentar er no det lågaste på fem år.
Fagskolen i Kristiansund hadde ein svak nedgang i talet stundentar frå 2019 til 2020, med ein nedgang frå 95 til 90 studentar. I 2016 hadde skolen 150 studentar, 60 fleire enn våren 2020. Fagskolen i Ålesund hadde 230 studentar i vårsemesteret 2020, 70 færre enn i 2019 og 40 færre enn i 2018. Ålesund kunstfagskole og Fagskolen Aldring og helse hadde høvesvis 25 og 15 studentar i vårsemesteret 2020.
Jamnare mellom kjønna
Våren 2020 var det i alt 85 kvinnelege og 275 mannlege studentar ved fagskolane i fylket. Delen kvinner er med det 24 prosent, 3 prosentpoeng høgare enn våren 2019. Flest kvinnelege studentar hadde Fagskolen i Kristiansund der det var 35 kvinner på utdanninga Psykisk helsearbeid og rusarbeid.
Fleire søkarar til dei fylkeskommunale fagskolane
Totalt søkartal i 2020/2021 er 324, ein samla auke på 27 frå søkinga i 2019/2020. Fagskolen i Ålesund har 212 søkarar i år, ein auke på 4, mens Fagskolen i Kristiansund har 112 søkarar, ein auke på 23 frå i fjor.
*Fagskolen Aldring og helse er inkludert sidan dei har forretningsadresse i Ålesund.