Sektorvise netto driftsutgifter

I gjeldstoppen

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er ein anna sentral indikator på den økonomiske tilstanden i kommunane. Netto lånegjeld er langsiktig lånegjeld utanom pensjonsforpliktingar og fråtrekt utlån og ubrukte lånemidlar. Etter dette forholdstalet er det berre kommunane i Finnmark som har meir gjeld enn kommunane i Møre og Romsdal, der dette talet er 108,5 prosent. Ulstein er dessutan den kommunen i landet med høgast netto lånegjeld.

Høgt gjeldsnivå påverkar betalinga av renter og avdrag. Da dette er ein driftskostnad, fører det til at tilgjengelege midlar til kommunal tenesteyting blir lågare. Gjeldsnivået tyder på at kommunane over lengre tid har nytta moglegheitene som ligg i den historisk låge renta, til å investere og bygge opp kostnadsnivået.

Høg gjeldsgrad, negativt netto driftsresultat og bruk av disposisjonsfond gjer at mange av kommunane i Møre og Romsdal må arbeide for å oppnå balanse i budsjett og rekneskap framover. Det er grunn til å tru at fleire kommunar kjem på ROBEK i tida som kjem, om ikkje grep blir tatt no.

Mest til pleie og omsorg

Tabellen viser kva kommunane har nytta av eigne midlar på dei ulike tenesteområda i kommunen, på bakgrunn av behov og prioriteringar i kommunen. Gjennomsnittstalet for kommunane i Møre og Romsdal, og for alle kommunane i landet utanom Oslo, viser små variasjonar i kor mykje av utgiftene kommunane disponerer i dei ulike sektorane. Tala på kommunenivå varierer meir.

Sektoren som kommunane disponerer mest midlar innanfor, er pleie- og omsorg. Den nest største sektoren er grunnskolen, følgt av barnehagesektoren. Slik er det både i Møre og Romsdal og i Noreg utanom Oslo.

Meir informasjon om kommuneøkonomi finn du i den årlege rapporten til Fylkesmannen i Møre og Romsdal om «Utviklinga i kommuneøkonomien».