Næringsstruktur

Sysselsettinga auka før koronapandemien 

Sysselsettinga i fylket har samla sett auka i perioden frå 2015 til 2019. Veksten på landsbasis har vore på 4,4 prosent, mens den var 1,3 prosent i Møre og Romsdal. For denne tidsperioden er alle tala produserte med same metode og er direkte samanliknbare. Tal fram til 2014 vart produsert med ein litt annan metode, noko som skapte litt usikkerheit. I 2019 vart det gjort enda ei forbetring i tal-produksjonen. Sysselsette med «sokkelen» som arbeidsstadskommune, innanfor næringa «tenester knytt til utvinning av råolje og naturgass», fekk riktig arbeidsstadskommune. Det har gjort at Møre og Romsdal har hatt sterk vekst i næringskoden bergverksdrift og utvinning, og også at den samla utviklinga kanskje har blitt sterkare enn det som er tilfelle.

Av dei andre næringane er det teknisk tenesteyting og eigedomsdrift som har hatt den beste utviklinga i fylket. Veksten for næringa var på 10,3 prosent i perioden 2015–2019. Ei anna næring som hadde ei god utvikling i perioden var overnattings- og serveringsverksemd. Der var veksten på om lag 9 prosent i perioden. Denne næringa har hatt og har store utfordringar grunna Koronapandemien. 

Den næringskoden som har hatt størst nedgang i perioden er restkategorien «uoppgitt». Det er positivt fordi det tyder på at datakvaliteten blir betre, men seier elles lite om næringsutviklinga i fylket. Dei andre næringane kor sysselsettinga har gått ned, er finansiering og forsikring og transport og lagring. Desse to næringane hadde begge ein nedgang i sysselsettinga på om lag 11 prosent i perioden. 

Samanliknar ein næringsstrukturen i landet sett under eitt med Møre og Romsdal, ser vi at det er ein høgare del sysselsette her innan jordbruk, skogbruk og fiske og sekundærnæringane. Dette speglar næringsstrukturen i fylket og viser kor viktige næringane er. Følgeleg har fylket ein lågare del sysselsette i andre næringar. Skilnaden er størst innan personleg tenesteyting og offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring.