StikkUT!

Ni prosent av innbyggarane i fylket med på StikkUT! i 2019

Tal frå Folkehelseinstituttet syner at berre tre av ti vaksne er aktive nok til å bevare ei god helse. Den nasjonale friluftslivspolitikken har som mål at alle skal ha høve til å drive med friluftsliv i nærmiljøet og naturen elles. I Møre og Romsdal er Nordmøre og Romsdal friluftsråd og Sunnmøre friluftsråd viktige bidragsytarar til å gjere folk merksame på turmogelegheitene i nærområda sine med turmålskonkurransen StikkUT!. Friluftsråda samarbeider med kommunane, frivillige, fylkesmannen og fylkeskommunen.

I 2019 var 30 av 35 kommunar medlemmar av eit av dei to friluftsråda i fylket, og dei kunne dermed tilby innbyggarane sine deltaking i StikkUT!. 23 020 personar melde seg på, og gjekk i perioden frå 1. mai til 31. oktober 490 210 turar. Turmåla i StikkUT! er tilrettelagt med eigne turskildringar henta frå morotur.no, som er drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune. I tillegg er det gjort avklaringar rundt parkering, turane er skilta og merka, og turkasser med konkurransekodane er plassert på kvart enkelt turmål. I utveljinga av turmåla har ein også vurdert slitasje i terrenget, korleis truga artar blir påverka og vanskegraden på turane.

Det er noko forskjell i deltakinga i turmålskonkurransen frå kommune til kommune. I 2019 utmerka Eide kommune seg, der 18,5 prosent av befolkninga deltok. Dei mest aktive deltakarane hadde Halsa kommune, der kvar deltakar i gjennomsnitt registrerte meir enn 36 turar i løpet av sesongen. Når det gjeld kommunar med mykje besøk utanfrå, utmerka Averøy seg med 20 060 registreringar av deltakarar med bustadadresse utanfor kommunen. Det kan også vere verdt å merke seg at kommunane Aukra, Midsund og Smøla, som er knytt til fastlandet med ferje, hadde til saman 27 664 registreringar av tilreisande StikkUT!-gåarar.