FoU i næringslivet

Reduksjon i FoU-aktiviteten i næringslivet

FoU-aktiviteten i næringslivet gjekk ned frå 2017 til 2018, det gjeld både kostnadar til eigenutført FoU, innkjøp av FoU og FoU-årsverk. 26 prosent av verksemdene rapporterte om FoU-aktivitet, det er same del som året før. Her ligg Møre og Romsdal høgt samanlikna med dei andre fylka, berre slått av det som var Aust-Agder med 28 prosent. Når det gjeld FoU-utgifter per sysselsett, er Møre og Romsdal i midtsjiktet av fylka med 32 000 kroner. Verksemder i Akershus og Trøndelag brukar mest FoU per sysselsett med høvesvis 63 000 og 60 000 kroner.