Tilstand vegdekke
60 prosent av fylkesvegane har tilfredsstillande vegdekke
Vegfarande merkar godt om standarden på vegen er dårleg, og spesielt dersom vegdekket er dårleg. Vegstandarden avheng mellom anna av type veg, vegdekket, vegfundamentet (det som ligg under vegdekket), kurvatur, breidde og linjeføring, dvs. utforminga av vegen slik den er tilpassa terrenget.
Statens vegvesen gjennomfører årlege målingar av spor og kor jamn vegen er, langs alle vegar med asfaltdekke. Med utgangspunkt i desse årlege målingane blir det laga ei klassifisering, der kategoriane «svært god», «god» og «middels» blir vurdert som tilfredsstillande dekketilstand.
Mange fylkesvegstrekningar har ikkje tilfredsstillande vegdekke. Også mange andre fylke har utfordringar knytt til vegdekke. Ei kartlegging viste at 47 prosent av fylkesvegnettet ikkje hadde tilfredsstillande vegdekke i 2015.
Tilsvarande tal for Møre og Romsdal i 2017 var 42 prosent, for 2018 var dette talet 39 prosent og for 2019 40 prosent. Etter nokre år med forbetring, fekk vi ei lita forverring igjen av dekketilstanden siste året.
Statens vegvesen kartla vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2018/2019. Etterslepet for vegfundament og vegdekke på fylkesveg vart der berekna til 1 milliard kroner.
Det er om lag 3 000 km asfaltert fylkesveg i Møre og Romsdal, og 1 200 km av desse har ikkje tilfredsstillande vegdekke. Levetida for asfalterte dekke er om lag 15 år, men dei mest trafikkerte vegane må reasfalterast oftare. Prisen for å asfaltere 1 km fylkesveg er omlag 1 million kroner. Når vi tar omsyn til levetida til vegdekket, må ein asfaltere for 140 millionar kroner årleg for å oppretthalde tilfredsstillande vegdekke på dagens vegnett. I 2019 hadde 60 prosent av fylkesvegane tilfredsstillande vegdekke.