Ferjetrafikk

Jamne tal for ferjetrafikken i perioden 2016–2019

Det er 24 ferjesamband i Møre og Romsdal, og av desse er 20 fylkesvegsamband. Ferjetrafikken, målt i tal køyretøy på fylkesvegsamband, har auka med 13 prosent frå 2010 til 2019. Auken på riksvegferjer i Møre og Romsdal var på 14 prosent i same periode.

Riksvegsambandet Halsa–Kanestraum hadde den største auken målt i prosent, og riksvegsambandet Molde–Vestnes hadde størst auke målt i talet på køyretøy. På fylkesvegferjesambanda hadde Skjeltene–Lepsøya–Haramsøya størst prosentvis auke med 38 prosent, og Åfarnes–Sølsnes størst auke i talet på køyretøy med 155 køyretøy dagleg. Delar av auken på sambandet Skjeltene–Lepsøya–Haramsøya skuldast bygging av Nordøyvegen. 

Det er variasjon i kor mykje tungtransport som nyttar dei ulike sambanda, som ein kan sjå av figuren som viser PBE per køyretøy. Ein bil på 10 meter er til dømes 5 personbileiningar (PBE). Det er Åfarnes–Sølsnes som har størst del tungtrafikk. For Stranda–Liabygda har talet på tunge køyretøy auka med same nivå som for Skjeltene–Lepsøya–Haramsøya. Det kan ha fleire årsaker, men utbetring av vegen mot Hornindal har medført at fleire vel denne vegen framfor Kvivsvegen. 

Talet på attståande køyretøy i prosent av trafikken gjennom året varierer mellom dei ulike sambanda, men ligg likevel på berre 0,01 til 0,63 prosent i 2019. Frå 2016 til 2019 har talet på attståande køyretøy auka betydeleg i sommartrafikken på Eidsdal–Linge. Sommaren 2019 vart det innført pendlarpass for innbyggarar for å hjelpe dei fastbuande. Talet på attståande køyretøy på Hareid–Sulesund vart kraftig redusert i 2019 da tre moderne ferjer med betre kapasitet kom inn i sambandet, og Stranda–Liabygda har også fått auka kapasitet.