Fylkesfordelt næringar
Store forskjellar i næringsstruktur
Tabellen syner talet på sysselsette etter fylke og næring, samt arbeidsstadsfylka Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen. Det samla talet sysselsette i landet var så vidt over 2,7 millionar per 4. kvartal 2019. Talet omfattar alle sysselsette uavhengig av stillingsprosent. I det nye regionlandskapet har dei folkerike fylka Viken og Oslo klart flest sysselsette, og desse to fylka har over 1 million sysselsette til saman. Det utgjer 38,1 prosent av den samla sysselsettinga i landet.
Veksten nasjonalt frå 4. kvartal 2018 til 4. kvartal 2019 var 23 557 sysselsette eller 0,9 prosent. Om vi ser bort frå dei reine arbeidsstadsfylka (Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen), hadde Rogaland, med 2,1 prosent og Oslo, med 1,9 prosent, den største veksten. Berre to fylke hadde nedgang i perioden, Innlandet med ein nedgang på -0,7 prosent og Troms og Finnmark med -0,1 prosent.
Sørvisnæringar var den klart største næringsgruppa, og nasjonalt hadde desse næringane om lag 1,3 millionar sysselsette. Helse- og sosialtenester var nest størst og sysselsette over ein halv million nasjonalt. Jordbruk, skogbruk og fiske var den næringsgruppa som sysselsette færrast, om lag 60 000 sysselsette.
Dei sysselsette i Viken utgjorde 19,9 prosent av den samla sysselsettinga i landet, det var den største delen av alle fylka. Nordland hadde 4,3 prosent av alle sysselsette i landet og var lågast av alle fylka. Møre og Romsdal hadde, med 4,7 prosent, tredje minst del av dei sysselsette. I tabellen som viser kor stor del dei sysselsette i fylka utgjer av den nasjonale sysselsettinga i næringa, kan ein sjå store forskjellar i næringsstrukturen mellom fylka. Til dømes har Oslo 18,2 prosent av alle sysselsette, men berre 0,9 prosent av dei sysselsette innan landbruk, skogbruk og fiske, mens Rogaland har 9,2 prosent av alle sysselsette, men 18,9 prosent av dei sysselsette i sekundærnæringar.