Bygg- og anlegg
11 000 sysselsett i bygg-, anlegg- og eigedomsverksemd
Ei viktig næring som både sysselsett mange, og har høg verdiskaping, er bygg-, anlegg- og eigedomsverksemd. For første gong har vi tatt med eit kapittel som synleggjer omfanget av sysselsettinga innanfor denne næringa i Møre og Romsdal. Her har vi nytta ei inndeling frå Bygg-, Anlegg- og Eigedomsforeininga (BAE) av dei næringskodane som inngår i dei ulike delane av bransjen. Vi har utelate to næringsgrupper: gruppa som BAE definerer som produsentar av varer til byggenæringa og gruppa som driv handel med varer til byggenæringa. Begge desse to gruppene har mange næringskodar som er vanskeleg å avgrense til bygg-, anlegg- eller eigedomsnæringa direkte.
Samla sysselsett BAE-næringa om lag 11 000 i Møre og Romsdal i 2019, flest innan utførande byggeverksemd. Denne gruppa har til saman 5 634 sysselsette, der sysselsette knytt til grunnarbeid utgjer den største enkeltnæringa med 1 523 sysselsette. I gruppa finn ein elles til dømes elektrisk installasjonsarbeid, snikkarar, målarar og røyrleggarar. Den nest største gruppa i BAE-næringa er sysselsett innan omsetnad og drift av eigedom. Denne gruppa har om lag 1 400 sysselsette, der andre kombinerte tenester knytt til eigedomsdrift er den største enkeltgruppa, med 928 sysselsette. I denne gruppa finn ein mellom anna driftselskap til eigedomsaktørar og sysselsette i selskap som leverer vaktmeistertenester.
Den delen av næringa som sysselsett færrast, er arkitektar. Dei fleste i gruppa er sysselsett i arkitekttenester knytt til byggverk, men gruppa inneheld også landskapsarkitektar og sysselsette innan plan- og reguleringsarbeid. For dei to sistnemnde gruppene ser talet relativt lågt ut, men det skuldast nok at dei fleste med den typen kompetanse arbeider i verksemder som i hovudsak leverer andre tenester.