Sysselsette etter utdanningsnivå
Flest kvinner blant sysselsette med lang høgare utdanning
I befolkninga samla er det framleis slik at fleire menn enn kvinner i Møre og Romsdal har lang høgare utdanning (høgare utdanning i meir enn 4 år). Trenden er i ferd med å snu, og når ein fordeler befolkninga etter alder, vil ein sjå at i dei yngre aldersgruppene er det fleire kvinner enn menn med lang høgare utdanning. Denne utviklinga ser ein allereie i arbeidsmarknaden. For første gong var fleire kvinner enn menn blant dei sysselsette med lang høgare utdanning i fylket. Tala per 4. kvartal 2019 syner at det var 4 556 sysselsette kvinner med lang høgare utdanning i Møre og Romsdal, mens det var 4 456 sysselsette menn med same utdanningsnivå.
Utviklinga i talet på sysselsette med lang høgare utdanning har vore formidabel sidan 2 000. For menn har veksten vore på 77 prosent, mens for kvinner har talet auka med over 400 prosent. I enkelte næringar har veksten vore enorm. Til dømes har talet sysselsette i fylket med lang høgare utdanning innan økonomiske og administrative fag auka med nær 700 prosent for menn og 2 700 prosent for kvinner sidan 2000. Det var berre 86 personar med denne utdanninga den gongen, mens det per 4. kvartal 2019 var 985 personar. Samanlikna med år 2000 har kvinner hatt ein sterkare relativ vekst enn menn i talet sysselsette med lang høgare utdanning innan alle fagfelt. Unntaket finn vi innan naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, der auken er størst for menn.
Samanlikna med landet har ein høgare del av dei sysselsette i Møre og Romsdal grunnskole og vidaregåande skole som høgaste fullførte utdanning. Følgeleg har fylket ein lågare del sysselsette med høgare utdanning enn landsgjennomsnittet. Delen sysselsette med lang høgare utdanning er lågast i Møre og Romsdal av dei nye fylka. Etter gammal fylkesinndeling ville delen i Møre og Romsdal vore tredje lågast.