Samanlikning av folketalsframskrivingar
Treng vi framskrivingane?
Både nasjonalt, regionalt og i den enkelte kommune er det å kunne sjå litt fram i tid viktig kunnskapsgrunnlag. Framskrivingane som SSB utarbeider annakvart år, blir nytta i den langsiktige strategiske planlegginga på alle forvaltningsnivå. Det blir mellom anna utarbeidd framskrivingar på folketal, levealder og alderssamansetting. Framskrivingane av folketalet og alderssamansettinga er viktige for både kommunane og for fylkeskommunane, for å kunne planlegge riktig nivå og volum på tenesteproduksjonen. Investeringar i til dømes skolar, barnehagar og helsehus, er langsiktige investeringar for 30–40 år fram i tid. Sjølv om det ikkje er mogleg å sjå føre seg heilt korleis «verda» ser ut om 20–40 år, er det likevel viktig å ha data å styre etter.
Framskrivingane bygger på demografiske føresetnadar om fruktbarheit, dødelegheit, innanlands flytting og nettoinnvandring framover. Føresetnadane er basert på regionale forskjellar i demografisk åtferd i dei siste ti åra og nasjonale forventningar om utviklinga fram mot 2050. Føresetnadane er usikre, og følgeleg vil dei framskrivne resultata vere prega av usikkerheit.
For Møre og Romsdal er det ikkje mogleg å samanlikne dagens framskriving med historiske data, til det er endringane av fylket for store som følgje av kommune- og regionsreforma. Framskrivingane for Møre og Romsdal følger den same trenden som dei nasjonale folketalsframskrivingane, dei flatar noko ut og prognosane for folkeveksten indikerer ein svakare vekst. Dersom vi samanliknar 2014 framskrivinga med den som kom i 2020, så er prognosane for folketalet i 2040 redusert med om lag 480 000 innbyggarar i Noreg. SSB lagar to alternative framskrivingar av folketalet som legg til grunn anten låg eller høg vekst, i tillegg til dette blir det utarbeidd eit hovudalternativ.