Utvikling i kommunane

Utfordrande utvikling i sysselsettinga

I tala frå SSB ser det ut til at Møre og Romsdal har hatt ein vekst på 0,2 prosent i sysselsettinga frå 2018 til 2019, men grunnlaget for veksten er hovudsakleg at SSB har lagt om registrering for dei som tidlegare hamna i kategorien «sokkelen» som arbeidsstadskommune, og alle arbeidarar innanfor næringa «tenester knytt til utvinning av råolje og naturgass». Dette har gitt om lag 760 fleire sysselsette med arbeidsstadskommune Ulstein. 

Korrigert for denne omlegginga har Møre og Romsdal potensielt ein nedgang i sysselsettinga på mellom 300 til 400 personar. Usikkerheita knyter seg til korleis utviklinga har vore samtidig med at fleire sysselsette fekk registrert arbeidsstadskommune. Om næringa vaks samtidig, kan fylket ha fått ein auke, men om ho var i nedgang eller heldt seg stabil, er den reelle veksten langt lågare enn 0,2 prosent.

Av dei andre kommunane hadde Ålesund sterkast vekst i sysselsettinga i absolutte tal, med ein auke frå 2018 til 2019 på 665 sysselsette, som utgjer 1,8 prosent. Relativt sett hadde Gjemnes kommune sterkast vekst med 5,5 prosent dette året.

I eit femårig perspektiv frå 2015 til 2020 hadde Ålesund klart sterkast vekst i absolutte tal med 1 891 sysselsette. I prosentvis vekst er det Smøla med 10,7 prosent vekst i sysselsettinga som er størst.

Nasjonalt auka sysselsettinga frå 2018 til 2019 med 0,9 prosent, mens utviklinga frå 2015 til 2019 var på 4,4 prosent. Dermed har Møre og Romsdal ei svakare utvikling i sysselsettinga enn landsgjennomsnittet med høvesvis ein vekst på 1,3 prosent i femårsperioden, og 0,2 prosent frå 2018 til 2019. I femårsperioden hadde 8 kommunar i fylket ein relativ vekst som var sterkare enn landsgjennomsnittet, mens berre 4 kommunar i fylket hadde høgare relativ vekst enn landsgjennomsnittet frå 2018 til 2019.