Tannhelse
Høg dekningsgrad for alle pasientgrupper i den offentlege tannhelsetenesta
I 2019 var totalt 69 898 personar under tilsyn i den offentlege tannhelsetenesta. Dette utgjer 26 prosent av alle innbyggarane i fylket. Den største gruppa var barn og unge opp til 18 år med 50 054 personar. Andre grupper er eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon, personar som mottar heimesjukepleie, og personar med utviklingshemming. I tillegg har den offentlege tannhelsetenesta vaksne betalande pasientar.
Dekningsgraden er eit utrykk for kor mange av dei som har rettar etter tannhelselova som er under tilsyn og behandling. Tenesta hadde i 2019 ei god måloppnåing for alle dei prioriterte gruppene. 98 prosent av barn og unge, og 87 prosent av eldre og uføre i institusjon var under tilsyn.
Karies – eller hull i tennene – er ein indikator som kan synleggjere tannhelsa, og den langsiktige trenden er at stadig fleir barn og unge i Møre og Romsdal blir kariesfrie. Spesielt for tolvåringane har utviklinga vore positiv det siste året. 58 prosent i dette årskullet var utan karieserfaring i 2019 mot 52 prosent i 2018. For årskulla 12-, 15- og 18-åringar er tannhelsa dårlegare i Møre og Romsdal enn det nasjonale gjennomsnittet.
For å sette søkelyset på barna som har dårlegast tannhelse, blir det rekna ein Significant Caries index (SiC). Den viser gjennomsnittleg tal tenner med hol, fyllingar eller tenner som er trekt, hos den tredjedelen av 12-åringane med dårlegast tannhelsetilstand. SiC-skåren har betra seg frå 3,0 i 2018, til 2,7 i 2019. Landsgjennomsnittet for 2019 er betre, med ein skår på 2,3.
Det blir jobba målretta med det førebyggande og helsefremmande arbeidet i tannhelsetenesta ovanfor barnehagar, skolar og helseinstitusjonar. Dette utoverretta arbeidet, som i hovudsak blir utført av tannpleiarar, har auka frå 1 872 timar i 2018 til 2 359 timar i 2019.