Bygg i strandsona

Mange nybygg i strandsona

Dei siste 50 åra har det vore forbode å bygge i 100-metersbeltet langs sjøen. Kommunane kan likevel planlegge for utbygging dersom dei tar særlege omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og allmenne interesser.

Dei statlege planretningslinjene for strandsona langs sjø er under revisjon. Retningslinjene vil erstatte dagens statlege planretningslinjer som vart vedtatt i 2011. Målet er ei meir differensiert forvaltning i spreiddbygde strok med større lokal handlefridom samstundes som ein tek vare på moglegheiter for rekreasjon og vern av kulturlandskap. 

Figuren viser talet på nybygg i strandsona dei siste 4 åra fordelt på kommunar. Tala varierer sterkt mellom kommunane. Fleire kommunar med relativt lågt folketal har mange nybygg i strandsona. Dette indikerer at det er store skilnader i kommunal praksis når det gjeld å tillate bygging i 100-metersbeltet. 

Møre og Romsdal har god tilgang til turterreng i nærmiljøet, men ikkje alle har tilgang til nærturterrenget på ein trygg måte. Figuren viser del busette i tettstader innanfor 500 m langs vegar og stiar til eit nærturterreng på minst 200 dekar. Det er sett krav til fartsgrense og trafikk for at vegen skal reknast som trygg. Omgrepet nærturterreng kan omfatte skog, open fastmark, våtmark, bart fjell, grus- og blokkmark, park- og idrettsområde. Manglande trygg tilgang til turterreng gjeld ikkje berre dei som bur i bysentrum og større tettstader: Som det går fram av figurane, er det fleire av dei mindre folkerike og landlege kommunane der ein stor del busette i tettstadene ikkje har trygg tilgang til nærturterreng. 

Det er laga ein tilsvarande statistikk for tilgangen til rekreasjonsareal. Her omfattar statistikken del busette i tettstader innan 200 m langs vegar og stigar til rekreasjonsareal på minst 5 dekar. Det er sett krav til fartsgrense (maks 30 km/t) og trafikk (maksimum 3 000 køyretøy i snitt per døgn (ÅDT)) for at vegen skal reknast som trygg. Også her ser ein same tendens.