Flytting

Flytteunderskot i Møre og Romsdal

Det er fleire forhold som påverkar innbyggartalet i fylket, og eit av dei er flyttinga til og frå fylket. Forskjellen mellom innflytting og utflytting gir oss nettoflyttinga inn til fylket. Vi skil også mellom den innanlandske flyttinga og flyttinga til og frå utlandet (innvandring/utvandring).

Møre og Romsdal hadde eit flytteunderskot i 2019 på -18 personar. Den innanlandske flyttinga var negativ, slik ho har vore i fleire år. Det var 973 fleire personar som flytta til andre delar av landet enn som kom flyttande til fylket. Dette er heilt i tråd med tala for den innanlandske flyttinga året før. I 2019 var nettoinnvandringa på 954 personar, mot 1 116 i 2018. Den reduserte innvandringa i 2019, i tillegg til at den innanlandske flyttinga framleis var negativ, gav eit underskot i nettoflyttinga til fylket.

I 2019 hadde 16 av kommunane i Møre og Romsdal negativ nettoflytting, og størst var underskotet i Ulstein med 93 personar. For Ulstein sin del førte den negative innanlandske flyttinga i 2019 til underskotet i nettoflyttinga. Av dei tre største byane i fylket kunne Ålesund skilte med eit overskot i nettoflyttinga på 520 personar. Både Molde og Kristiansund hadde negativ nettoflytting i 2019.

Inga endring i det innanlandske flytteunderskotet

Det innanlandske flytteunderskotet i Møre og Romsdal har vore relativt stabilt dei siste åra. Underskotet i 2018 var på 971 personar og 973 personar i 2019. Flytteoverskotet frå utlandet var i 2019 på 954 personar mot 1 116 personar i 2018, ein reduksjon på 162 personar. Det var Ålesund kommune som hadde det høgste flytteoverskotet frå utlandet med 264 personar. Molde, Volda og Kristiansund hadde til samanlikning eit overskot i nettoflyttinga frå utlandet på høvesvis 81, 77, og 62 personar.

Åtte fylke med innanlandsk flytteoverskot

Åtte av fylka hadde flytteoverskot i 2019, og Akershus hadde framleis det største innanlandske flyttoverskotet med 3 742 personar, som var ein reduksjon frå 2018 då overskotet var på 5 590 personar. Nordland hadde størst negativ innanlandsk nettoflytting med 1 736 personar. Oslo hadde i 2019 eit innanlandsk flytteoverskot på 780 personar, som var ei positiv endring frå 2018 då Oslo hadde ei negativ innanlandsk nettoflytting på 1 360 personar.

Mange flytta i eige fylke

Ein stor del av flyttinga skjer mellom kommunane i Møre og Romsdal. I 2019 flytta 5 078 personar til ein annan kommune i Møre og Romsdal, ein reduksjon frå 2018 då 5 231 personar flytta internt i fylket. Mange av dei som flyttar til kommunar utanfor fylket, hamnar i Trøndelag, Oslo eller Hordaland. Tar vi med Akershus, ser vi at mange flyttar ut av fylket til det sentrale austlandsområdet. Utflyttinga til Oslo auka frå 2018 til 2019 med 85 personar, frå 1 019 personar i 2018. Det var minst utflytting frå Møre og Romsdal til Finnmark og Aust-Agder med høvesvis 42 og 48 personar. 

Negativ innanlandsk nettoflytting i dei fleste aldersgrupper

For aldersgruppa 20–29 år heldt den gode trenden frå 2018 fram, med ei ytterlegare betring av flytteunderskotet. Flytteunderskotet for aldersgruppa var i 2019 på -690 personar, mot -849 personar i 2018. Flytteunderskotet var det lågaste for denne aldersgruppa på 15 år. Det var berre i aldersgruppene 0–5 år og i gruppa over 67 år at det var flytteoverskot. For gruppa over 67 år var tala igjen positive etter eit flyttunderskot i 2018. Flytteunderskotet for aldersgruppa 6–15 år auka frå 51 personar i 2018 til 117 i 2019, mens det for aldersgruppa 16–19 år var ei betring med eit noko lågare underskot. Aldersgruppa 30–39 år hadde eit flytteoverskot i 2018, noko som endra seg til eit underskot på 52 personar i 2019.

Innvandrarbefolkninga mest mobile

Det er innvandrarbefolkninga som er mest mobile og står for den største delen av det innanlandske flytteunderskotet, i Møre og Romsdal. I 2019 flytta 626 fleire av innvandrarbefolkninga ut av fylket enn dei som flytta til, ein auke frå 2018 då talet var 528. For resten av befolkninga var flytteunderskotet redusert i 2019 til 346 personar, mot 443 i 2018.

Ytterlegare reduksjon i flyttinga

Samla flytta 11 236 personar ut av ein kommunane i Møre og Romsdal i 2019, til andre kommunar i fylket og ut av fylket. Det er ein reduksjon på 907 personar frå 2018. Talet på personar frå Møre og Romsdal som flytta til utlandet gjekk ytterlegere ned i 2019. Endringa i utvandringa var ikkje så stor som frå 2017 til 2018 då utvandringa gjekk ned med 275 personar frå 1 341 personar i 2017. I 2019 flytta 923 personar frå Møre og Romsdal til utlandet, mot 1 066 i 2018.

Lite internflytting i kommunane

Det har tradisjonelt vore lite flytting internt i den enkelte kommunen i Møre og Romsdal. Dei store kommunane har meir kommuneintern flytting enn dei små, til dømes er det meir flytting internt i dei store byane i Noreg. Flyttingar per 1 000 personar av middelfolkemengda* er brukt som eit måltal for å samanlikne kommunane. I Møre og Romsdal flytta flest innbyggarar i Ålesund og Kristiansund internt i kommunen, med 88,1 og 87,4 personar per 1 000 innbyggarar. Den kommuneinterne flyttinga i Molde var ein del lågare enn i Ålesund og Kristiansund. I Molde flytta 79,8 personar per 1 000 i eigen kommune. I Stordal var den kommuneinterne flyttinga lågast, med 21,2 personar per 1 000 innbyggarar. I Oslo flytta til samanlikning 134,4 personar per 1 000 innbyggarar internt i byen i 2019, ein auke frå 129,5 personar i 2018. 

*Gjennomsnitt av folkemengda ved byrjinga og utgangen av året.