Omdisponering av dyrka mark

Omdisponeringa av dyrka jord går ned

I alt 308 dekar dyrka og dyrkbar jord blei vedtatt omdisponert til andre føremål enn landbruk i Møre og Romsdal i fjor. 167 dekar var dyrka jord, mens 141 dekar var dyrkbar jord. Dei siste åra har det vore ein nedgang i omdisponeringa både i Møre og Romsdal og på landsbasis. 

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord skjer ved at kommunen vedtek planar om at arealet skal brukast til anna føremål enn landbruk. Omdisponering kan også skje ved at enkeltpersonar søker om å bruke areal til noko anna enn landbruksproduksjon. Dette gjeld som regel mindre areal. På landsbasis vart 86 prosent av det omdisponerte arealet regulert etter plan- og bygningslova. I Møre og Romsdal var det tilsvarande talet 75 prosent. Tala for omdisponering bygger på vedtekne reguleringsplanar etter plan- og bygningslova og enkeltsaker etter jordlova. Tala for omdisponering i kommunane vil svinge frå år til år og er gjerne knytt til storleiken på kommunen og reguleringsaktiviteten. Vedtak i store samferdselsprosjekt kan til dømes gje eit stort utslag i tala. 

I nasjonal jordvernstrategi har Stortinget fastsett eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar.

Fylkestinget vedtok ved handsaminga av landbruksmeldinga for Møre og Romsdal 2017–2021 at den årlege omdisponeringa av dyrka jord i fylket ikkje skal overstige 200 dekar i 2021.

Møre og Romsdal nådde for andre gong på rad det regionale jordvernmålet om omdisponering av mindre enn 200 dekar dyrka jord per år. I 2019 vart det vedteke nedbygging av i alt 167 dekar dyrka jord til anna føremål enn landbruk i Møre og Romsdal. Jordbruksarealet utgjer 3,7 prosent av landarealet i Noreg, og dei mest produktive areala ligg gjerne i nærleiken av tettstader med stor vekst. Over halvparten av nedbygginga skjer i og omkring tettstader. I Møre og Romsdal utgjer dyrka mark 3,3 prosent av det totale arealet.