Sysselsetting blant innvandrarar

Betre enn landsgjennomsnittet på sysselsetting av innvandrarar 

Det ligg ikkje føre tal for sysselsettinga blant innvandrarar for kommunar per 2020, berre for dei kommunane som eksisterte i 2019. Desse tala viser at Møre og Romsdal samla sett framleis har høgare del sysselsette blant innvandrarane enn landsgjennomsnittet. 65,5 prosent av innvandrarane i Møre og Romsdal er sysselsett, mens for landet sett under eitt er delen 63,3 prosent.

Det er alltid ein relativ stor forskjell mellom dei ulike innvandrargruppene i graden av sysselsetting. Gruppe 1 er innvandrarar frå EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Desse innvandrarane kjem i hovudsak grunna arbeid, studiar eller familie. Innvandrarane i gruppe 2 kjem frå Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA og Oseania utanom Australia og New Zealand. Her er bildet meir samansett da flukt er eit større innslag som flyttemotivasjon. Delen sysselsette blant innvandrarar frå gruppe 1 er 70,6 prosent i Møre og Romsdal og 71,4 prosent nasjonalt. For gruppe 2 er delen sysselsette 58,5 prosent i Møre og Romsdal og 56,6 prosent nasjonalt.

Høgast del sysselsette, både i Møre og Romsdal og på landsbasis, finn vi blant menn frå gruppe 1. Lågast del sysselsette er det blant kvinner frå gruppe 2.

Om vi ser på delen sysselsette innvandrarar i kommunane, finn vi den høgaste delen blant menn frå gruppe 1 i Skodje med 83,1 prosent. For kvinner er det i Stordal vi finn høgaste del sysselsette innvandrarar frå gruppe 1 med 77,3 prosent. Om vi ser på begge kjønn samla, finn vi høgast del blant innvandrarar frå gruppe 1 i Sykkylven med 79 prosent.

Innvandrarane utgjer samla 18 087 sysselsette i fylket. Av desse er 11 267 frå gruppe 1 og 6 820 er frå gruppe 2. Samla utgjer innvandrarane 14,1 prosent av dei sysselsette i Møre og Romsdal. Det er eit prosentpoeng høgare enn 4. kvartal 2018.