Klimagassutslepp etter sektor

Ein liten nedgang i klimagassutslepp i 2018

Utsleppet av klimagassar i Møre og Romsdal har gått noko ned frå 2017 til 2018. Nedgangen er likevel ikkje større enn 0,2 prosent. I 2017 hadde vi dei høgaste utsleppa som har vore berekna så langt. Totalt har klimagassutsleppa i fylket auka med om lag 83 000 tonn CO2-ekvivalentar frå 2009 til 2018, som gir ein auke på 3,4 prosent.

Statistikken omfattar dei direkte, fysiske utsleppa som skjer innanfor dei geografiske grensene til fylket. Dette betyr at klimagassutsleppa frå ein båt i trafikk er inkludert under sektoren sjøfart, men berre dei utsleppa som skjer mens båten køyrer innanfor fylkesgrensa. Utslepp etter at båten har bevega seg ut over fylkesgrensa, blir belasta eit anna fylke. Utslepp knytt til produksjon av fartøyet på ulike fabrikkar (indirekte utslepp) er plassert i sektoren «industri, olje og gass» i dei fylka der fabrikkane er fysisk plassert. Utslepp som fysisk skjer i utlandet, er ikkje inkludert i statistikk for Noreg. Dette vil seie at alle utslepp som blir generert indirekte gjennom aktivitet i fylket, ikkje er med i statistikken med mindre dei indirekte utsleppa også skjer innanfor fylkesgrensa.

Om ein ser på endringa i utslepp frå 2017 til 2018, finn ein nedgang i alle sektorar bortsett frå vegtrafikk og anna mobil forbrenning. Utslepp frå vegtrafikk har auka med 4,7  prosent, og det kan bety at auke i talet på el-bilar ikkje kompenserer for auka biltrafikk totalt. Utslepp frå anna mobil forbrenning auka med heile 63,2 prosent frå 2017 til 2018. Under «anna mobil forbrenning» ligg avgiftsfri diesel knytt mellom anna til anlegg og landbruk.

Salet av avgiftsfri diesel auka betydeleg i 2018 for heile landet sett under eitt. Ei av årsakene til denne auken er militærøvinga Trident Juncture som fann stad i fleire av fylka. Eitt av fylka som var berørt, var Møre og Romsdal. Sjølv om vi ikkje har informasjon om kvar salet av diesel til denne øvinga er registrert, kan det tenkast at dette har vore ein medverkande faktor til dei auka utsleppa i Møre og Romsdal. 

I 2018 kom eit nytt krav om reinare drivstoff i oppdrettsnæringa, som førte til overgang frå marint drivstoff til ­avgiftsfri diesel. Samtidig la ein del av hurtigbåtane om til same drivstoff, og dette forklarer sannsynlegvis den store auken. Leverandørane av avgiftsfri diesel her i fylket leverer også til andre delar av landet, både med bil og båt, men voluma blir registrert her i fylket.

Sektoren «oppvarming» omfattar utslepp frå oppvarming av næringsbygg og hushald, og er fordelt på «fossil oppvarming» og «vedfyring». Dette er den sektoren som hadde den største prosentvise nedgangen (15,4 prosent) frå 2017 til 2018. Dette skuldast nok i stor grad utfasing av oljefyrar i kommunale og private bygg. Den største reduksjonen målt i tonn CO2-ekvivalentar frå 2017 til 2018 finn vi i sektoren «industri, olje og gass», med over 43 000 tonn. Dette utgjer likevel berre ein nedgang på om lag 4 prosent for sektoren.