Den kulturelle skolesekken

Kvar elev i grunnskolen fekk 3,5 besøk frå Den kulturelle skolesekken 

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål at alle elevar skal få tre besøk frå Den kulturelle skolesekken gjennom eit skoleår. Dette vart innfridd i 2019. I fjor fekk kvar elev i grunnskolen 3,5 besøk frå Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal, og elevane i den vidaregåande skolen fekk 3,2 besøk. 7,5 millionar kroner av spelemidlane gjekk til tilbod i grunnskolen i 2019 og 4,4 millionar gjekk til tilbod i den vidaregåande skolen. 

I 2018 auka honorara til utøvarar i Den kulturelle skolesekken betrakteleg, og auka spelemiddeltildeling har ikkje kompensert tilstrekkeleg for dette. Gjennom endra planlegging og bruk av fond har likevel talet på besøk per elev vore relativt konstant frå 2018. 

Tilbodet om kulturmøte på skolane i Møre og Romsdal er i 2019 likt som landsgjennomsnittet for grunnskoleelevar, men over landsgjennomsnittet for elevar på vidaregåande skole.