Attval til kommunestyre og fylkesting

Nær halvparten av kommunestyremedlemmane er attvalde

Høg gjennomstrøyming i politiske organ har den fordelen at fleire får vere med å ta avgjerder på vegner av fellesskapet og lære demokratiske prosessar, men samtidig kan ein ikkje undervurdere verdien av kontinuitet. For å bli attvald må representanten for det første ønske å halde fram i vervet, og for det andre må vedkommande bli prioritert av sitt eige parti. Sjølve valresultatet har også mykje å seie for kontinuiteten blant medlemmar i folkevalde organ. Store endringar i fordelinga av mandat mellom partia fører nødvendigvis med seg auka utskifting av representantar. 

Frå 80-talet og fram til tusenårsskiftet var det både nasjonalt og i Møre og Romsdal ein jamn auke i delen attvalde kommunestyremedlemmar. For Møre og Romsdal sin del heldt denne utviklinga seg heilt til valet i 2011. I Møre og Romsdal vart delen attvalde redusert i 2015, men så fekk vi ein auke igjen i 2019. Ved dette valet utgjorde dei attvalde 48,9 prosent i Møre og Romsdal og 47,8 prosent i landet samla.

Av talet på medlemmar i kommunestyra ser vi også at nålauget for å få fast plass i kommunestyret har vorte smalare. I 2011 var det 10 785 kommestyremedlemmar i Noreg, og i 2019 var dette redusert til 9 344, ein reduksjon på 13,3 prosent. I Møre og Romsdal gjekk talet på kommunestyremedlemmar ned frå 910 til 760 (16,5 prosent) i same periode. 

Det er langt fleire menn enn kvinner som blir attvald i kommunestyra. I Møre og Romsdal var delen attvalde menn 52,0 prosent og blant kvinnene 43,7 prosent. Den same forskjellen finn vi også for landet totalt. Også i fylkestinga finn vi fleire attvalde menn på landsbasis, men i Møre og Romsdal vart ein større del kvinner enn menn attvalde i 2019.