Framskrivingar

Svak folketalsvekst i Møre og Romsdal dei neste 15 åra

SSB estimerer ein svak folketalsvekst i Møre og Romsdal fram mot 2035. Talet på innbyggarar vil ifølge SSB auke med 8 184 personar, som gir ein vekst på 3,1 prosent. Veksten i befolkninga i Møre og Romsdal er lågare enn prognosane for landet der SSB har estimert ein vekst i folketalet på 373 984 personar fram mot 2035. Befolkninga i Noreg vil då auke med 7 prosent.

12 av kommunane i Møre og Romsdal vil ifølge prognosane få ein nedgang i innbyggartalet. Størst prosentvis nedgang finn vi i Vanylven, der folketalet går ned med 11,1 prosent eller 347 innbyggarar fram mot 2 035. Kommunane Surnadal og Sunndal får også tilbakegang i folketalet på 348 og 558 personar. Dette representerer ei prosentvis endring på 5,9 og 7,9 for desse kommunane. SSB har laga fleire prognosar som gir litt ulik utvikling i folketalet. I desse tala er det tatt utgangspunkt i hovudalternativet (MMMM*).

Forsørgarbrøk for eldre

SBB har i sine framskrivingar utarbeidd ein forsørgarbrøk for eldre som viser talet på dei i befolkninga som er over 64 år i forhold til talet på dei i aldersgruppa 20–64 år. Dei over 64 år er i ein alder der dei er ferdige i arbeidslivet eller er nær ved å pensjonere seg. Brøken er da eit måltal på innbyggarar i yrkesaktiv alder i forhold til «eldre». Eit lågt tal indikerer at ein relativ stor del av innbyggarane er i yrkesaktiv alder. SSB sine prognosar viser at i 2035 er det Sula som vil ha flest i yrkesaktiv alder i forhold til talet på «eldre» over 64 år. Vanylven kommune er i andre enden av skalaen med ein forsørgarbrøk på 0,87. Det vil då ifølge SSB vere relativt mange over 64 år i Vanylven kommune i forhold til gruppa som er i yrkesaktiv alder.

*Middelalternativet kor ein ser for seg at fertilitet (tal barn per kvinne) levealder, innanlandsk flytting og innvandring vil ha ei middels utvikling.

Kvinner i Aukra er venta å  leve lengst

Ifølge framskrivingane til SSB vil befolkninga i Møre og Romsdal leve vesentleg lengre enn i dag. Allereie i 2035 vil dei som blir fødde, leve i snitt 2–3 år lenger enn dei som blir fødd i 2020. 

Kvinnene vil framleis leve lenger enn menn. Det er kvinnene i Aukra kommune som vil leve lengst. Kvinner busett i Aukra og fødd i 2035, vil i snitt bli 90,4 år. For menn er det å vere busett i Tingvoll gunstig. Der vil menn som er fødd i 2035, etter prognosane til SSB, bli 88 år. I tillegg til Aukra vil kvinnene i tre andre kommunar i Møre og Romsdal som er fødd i 2035, bli over 90 år. Dette gjeld kommunane Herøy, Stranda og Fjord. Av dei tre største byane er utsiktene for eit langt liv best i Molde kommune. Der vil kvinnene bli 88,4 år mens mennene vil bli 85,3 år. Prognosane for Ålesund er ein levealder for kvinner på 87,6 år og for menn 84,9 år. Tilsvarande er det for Kristiansund estimert ein levealder på 86,7 år for kvinner og 84,5 år for menn.

Stor auke i talet på eldre over 80 år

Befolkningssamansettinga vil endre seg mykje dei næraste 10–15 åra, både nasjonalt, regionalt og i kommunane. Ser vi nærare på framskrivingane til SSB, finn vi at talet på personar over 80 år vil auke mykje fram mot 2035. For fleire kommunar er det snakk om meir enn ei dobling av talet på innbyggarar i denne aldersgruppa. I Møre og Romsdal vil talet på eldre over 80 år, om prognosane til SSB slår til, auke frå 13 306 i 2020 til 24 447 i 2035, ein auke på 83,7 prosent. Tala er om lag på nivå med landet, der prognosane til SSB indikerer ein auke på 86,7 prosent. Blant kommunane i fylket har Stranda kommune den minste endringa i denne aldersgruppa. Der vil talet på eldre over 80 år auke med 38,9 prosent. I andre enden av skalaen finn vi Gjemnes, der gruppa eldre over 80 år vil auke med 140,8 prosent.