Aktivitet hos personar med rusutfordringar

Få aktivitetstilbod til personar med rusutfordringar

Opptrappingsplan for rusfeltet (2016–2020) er no inne i siste fase. Eit av måla i planen er at alle skal ha ein aktiv og meiningsfylt kvardag.

Opptrappingsplanen er evaluert av fleire. Mellom anna har FAFO evaluert satsinga undervegs. I den tredje statusrapporten deira viser dei til at om lag 60 prosent av kommunane i landet har etablert eit samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene og NAV om arbeidsretta rehabilitering for personar med psykisk liding og eller rusmiddelproblem. Det er ein auke frå tidlegare år. Samtidig viser FAFO til at det ikkje er målbar endring i talet på brukarar som er i arbeid, som har tilfredsstillande aktivitet eller eit godt sosialt nettverk. 

Kunnskap om aktivitet for denne gruppa blir også henta inn gjennom BrukerPlan. Dette er eit verktøy der fagpersonar kartlegg fleire livsområde for mottakarar av kommunale omsorgs- og/eller velferdstenester som har rusmiddelproblem eller psykisk helseproblem.

Ikkje alle kommunane i fylket har kartlagt brukarane sine med dette verktøyet, nokre fordi dei meiner dei har andre verktøy, andre fordi kommunen har for få personar med rusproblem og andre igjen av omsyn til kapasitet. Men nasjonale myndigheiter tilrår at Brukerplan blir tatt i bruk i kommunane.

I 2019 er situasjonen i 23 av 35 kommunar i fylket kartlagt med Brukerplan. Tala frå desse kommunane viser at det er få av dei som er kartlagt, som er i arbeid og aktivitet. Samla for alle kommunane er delen 22 prosent. Størst del i aktivitet hadde Averøy (42 prosent) og Nesset (40 prosent). Vi ser også av tala for 2017–2019 at det ikkje har vore nokon tydeleg auke i kommunane, sjølv om BrukerPlan har vore eit satsingsområde i opptrappingsplanen for rusfeltet.