Ung Kultur Møtest

Flest deltakarar innan musikk i UKM – Ung Kultur Møtest 

I 2019 deltok totalt 1 697 ungdommar i alderen 13–20 år på lokale UKM-arrangement rundt om i fylket. Det er ein auke på 144 deltakarar frå 2018, som er det høgaste talet dei siste fem åra. 

Musikk er den sjangeren som i alle år har klart flest deltakarar, i 2019 utgjorde desse 38 prosent. Fordelinga mellom dei ulike uttrykka i Møre og Romsdal var elles slik i 2019: Visuell kunst og utstillingar 19 prosent, dans 18 prosent og arrangørar og konferansierar 10 prosent. Litteratur, film og teater er til saman under 4 prosent.

Av 1 697 unge kunstnarar vart 323 vidaresende til UKM-fylkesfestivalen som vart gjennomført i Kristiansund. Der deltok dei med til saman 99 sceneinnslag, 77 av desse var musikkinnslag. I tillegg deltok 56 utstillarar innan visuell kunst, 24 arrangørar, 17 konferansierar og ein mediestab på 13.