Arbeidsplassdekning
Store endringar i arbeidsplassdekninga for enkelte kommunar
Arbeidsplassdekning viser talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, for eksempel i ein kommune.
Den dramatiske utviklinga vi har sett særleg innanfor petroleums retta verksemd dei seinare åra, gir no klare utslag i arbeidsplassdekninga. Ulstein, som toppa lista i fjor med ei arbeidsplassdekning på over 125 prosent, har i år falle til tredjeplass med 111 prosent arbeidsplassdekning. Sjølv med ein nedgang på to prosentpoeng, er det Molde som no har den høgaste arbeidsplassdekninga i fylket med 123 prosent. Med over 600 fleire arbeidsplassar i 2016 enn i 2015 auka Ålesund arbeidsplassdekninga med 2,5 prosentpoeng og tar andreplassen med 117 prosent. Også Stranda, Volda, Sandøy og Sunndal hadde i 2016 fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar.
Lågast arbeidsplassdekning finn vi i Nesset kommune med 61,0 prosent, i Giske med 61,7 prosent og i Gjemnes med
64,3 prosent.
Nabokommunane til Ålesund, Sula og Giske, hadde størst «underdekning» på arbeidsplassar målt i reine tal, med høves vis 1 586 og 1 540 arbeidsplassar i «minus». Også Fræna, som er nabokommunen til Molde, hadde stor underdekning med 1 504 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar per 4. kvartal 2016. Ålesund hadde 4 044 arbeidsplassar i «overdekning» og Molde hadde 3 125. I 2015 hadde Molde større «overdekning» enn Ålesund både i prosent og i tal på arbeidsplassar, men ulik utvikling i desse to byane gjer at Ålesund no har flest arbeidsplassar i overdekning.
Sjølv om det har vore ein nedgang i talet på arbeids plassar i Møre og Romsdal frå 2015 til 2016, har arbeidsplassdekninga auka svakt. Forklaringa på dette ligg i at talet på arbeidstakarar har gått meir ned enn talet på arbeidsplassar.