Arbeidsløyse

Størst nedgang i arbeidsløysa blant unge   

I august 2017 var 3 895 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,8 prosent av arbeidsstokken. Fylket ligg med det framleis over landsgjennomsnittet, som er 2,7 prosent. Nedgangen frå augsut i fjor har likevel vore større i Møre og Romsdal, med ein reduksjon på 14,8 prosent mot 12,7 prosent på landsbasis.

Av dei arbeidsledige er 1 439 kvinner og 2 456 menn. 28,3 prosent av alle arbeidsledige er i aldersgruppa 30-39 år. Talet på arbeidsledige under 30 år er 1 153, ein reduksjon på 17 prosent frå august i fjor.

Av dei 36 kommunane i fylket er det 11 som har høgare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for fylket og landet. I to kommunar er over fem prosent av arbeidsstyrken ledige. Dette er  Ulstein (5,7) og Hareid (5,9). Lågast del ledige finn vi kommunane Norddal, Sunndal, Smøla og Rindal.

Registrert arbeidsløyse blant innvandrarar i andre kvartal i 2017 var 6,6 prosent av arbeidsstyrken (arbeidsstyrke = sysselsette + arbeidsledige), og det er ned 1,3 prosentpoeng frå same periode i fjor.

Av alle arbeidsledige i fylket i august 2017 var 28 prosent (1106) langtidsledige dvs. samanhengande heilt ledige i minst seks månader, mot 29 prosent året før.

I august 2017 var 903 arbeidssøkarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 344 fleire enn i august 2016. Til saman gir dette ei brutto arbeidsløyse på 4 798 personar i fylket.

Personar med yrkespraksis innan industriarbeid utgjer den største yrkesgruppa blant dei arbeidsledige. I august 2017 var 779 industriarbeidarar registrert som helt ledige. Det er 120 færre enn for eitt år sidan. Det siste året har arbeidsløysa falle mest innan bygge- og anleggsyrka. Ved utgangen av august var 513 personer med denne yrkesbakgrunnen registrert som heilt ledige. Dette er 141 færre enn for eitt år sidan. Talet på ledige har gått ned for nesten alle yrka, med unntak av undervisning.