Tannhelse

Meir karies enn landsgjennomsnittet blant attenåringar    

I 2016 var 77 328 personar under tilsyn av den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Dette utgjer om lag 30 prosent av alle innbyggarane. Den største gruppa er barn og unge opp til 18 år med 54 269 personar. Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og i heimesjukepleie utgjer 5 564 personar. 11 005 vaksne, betalande pasientar nytta også den offentlege tannhelsetenesta.

Prioriterte grupper er barn og unge, ungdom, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og i heimesjukepleie. Dekningsgraden seier kor mange av dei med rettar etter tannhelselova, som er under tilsyn og behandling. Høgast dekningsgrad i 2016 var det for barn og unge frå 0 til 18 år med 97 prosent, to prosentpoeng høgare enn i 2012. Av dei prioriterte gruppene var det lågast dekningsgrad for eldre og uføre i heimesjukepleie med 75 prosent. Dette er om lag seks prosentpoeng høgare enn i 2012.

Karies er ein indikator som kan synleggjere tannhelsa. Femåringar, tolvåringar og attenåringar blir brukte som indikatorårskull, og delen personar utan karieserfaring blir brukt som målevariabel.

82 prosent av femåringane i fylket er heilt utan karies i 2016, to prosentpoeng høgare enn i landet. Både for tolv- og attenåringane er tala for fylket dårlegare enn for landet. 56 prosent av tolvåringane var utan karies i 2016, om lag tre prosentpoeng lågare enn i landet. Blant attenåringane er det 19 prosent som ikkje har karieserfaring, om lag fem prosentpoeng lågare enn i landet.

Det er relativt store kommunevise variasjonar. I 21 av kommunane i fylket auka delen attenåringar utan karies frå perioden 2013 til 2016. Delen var uendra i éin kommune, og 14 kommunar hadde ein nedgang. Store variasjonar frå år til år speglar at dei minste kommunane har små årskull.