Fiskeri og havbruk

Norsk sjømat til 146 land   

Noreg eksporterte sjømat for 91,6 milliardar kroner i 2016. Dette er 22,9 prosent eller 17 milliardar kroner meir enn det tidlegare rekord året 2015.

I 2016 eksporterte Noreg sjømat til 146 land. EU er den desidert viktigaste marknaden, der Polen er den største enkeltmarknaden. I 2016 importerte EU 66,8 prosent av den totale sjømateksporten frå Noreg, med ein total eksportverdi på 61,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på 23 prosent saman likna med 2015. Omtrent 76 prosent av all norsk lakse eksport, målt i produktvekt, gikk til EU i 2016. 

Polen har tradisjonelt vore eit viktig land for be arbeiding og vidare distribusjon av norsk sjømat, men landet er også ein stadig viktigare konsummarknad. Dei største konsummarknadene for norsk sjømat i 2016 var Frankrike, Tyskland og Storbritannia. Frå 2015 til 2016 auka eksporten til Polen og USA med om lag 40 prosent målt i verdi. Det samla volumet gikk i same periode ned med 6,5 prosent. Det betyr at prisane auka frå 2015 til 2016.

Eksporten av sjømat frå Møre og Romsdal var på 16,9 milliardar koner i 2016, ein auke på over 1,1 milliard kroner eller 7,3 prosent frå året før. På landsbasis er fylket det største sjømatfylket, og det stod i 2016 for 22,2 prosent av eksportverdien og 26,6 prosent av eksportvolumet. Eksporten av sjømat frå Møre og Romsdal gikk frå 2015 til 2016 ned med nær 17 000 tonn, mens eksportverdien auka med om lag 1,2 milliardar kroner.

Eksporttala på fylkesnivå er basert på kva eksportør/ speditør oppgir som produksjonsfylke, det vil seie der vara er tilført størst verdi. Ofte er det salskontor/tolldeklareringsstad som avgjer produksjonsfylke. Til dømes kan ein laks som er oppdretta i Sogn og Fjordane, slaktast i Møre og Romsdal, for så å bli eksportert frå eit salskontor i Hordaland.

Nedgang i eksport av klippfisk

Noreg eksporterte 80 732 tonn klippfisk for om lag 3,7 milliardar kroner i 2016. Dette er ein nedgang i volum på 7,9 prosent eller 6 920 tonn, og 6,7 prosent eller 266 millionar kroner i verdi. 

Nedgangen i klippfiskeksporten skuldast i hovudsak utfordringar i nokre av dei viktigaste klippfiskmarknadene. I Brasil var det for eksempel utfordringar knytt til marknadstilgang, og auka konkurranse frå andre tilbydarar og artar. Lågare oljepris har gjort det utfordrande i Angola, og konflikt og låg kjøpekraft er årsaka til reduksjon til Den demokratiske republikken Kongo og Republikken Kongo.

Om lag 90 prosent av klippfisken som blir eksportert frå Noreg, kjem opphaveleg frå Ålesund-regionen. Dette indikerer at det finst ei industriklynge for klippfisk i fylket. Ein verdiskapingsanalyse av klippfisknæringa i Møre og Romsdal viser også at det er ein signifikant ekstern lokaliseringseffekt (klyngeeffekt) i den geografisk konsentrerte klippfiskindustrien i Ålesund-regionen. Analysen viser også at klippfiskbedriftene i denne regionen har større verdiskaping enn bedrifter utanfor regionen.

Av dei største fylka på  kveiteoppdrett   

Noreg er også eitt av tre land som driv oppdrett av atlantisk kveite, ein art som har vist seg vanskeleg å få til i oppdrett. Produksjonen har derfor vore låg og blir rekna som ei nisje samanlikna med lakseoppdrett, som er den viktigaste sjømatnæringa i Noreg. I Møre og Romsdal er det fleire aktørar som driv med kveiteoppdrett, og ein av dei største aktørane i landet held til her. Rogaland er det andre fylket som har ein produksjon av tilsvarande storleik. I dei andre fylka er produksjonen mindre og løyva er eigd av forskings- og utviklingsinstitusjonar.