Føreskriving av antibiotika

Nedgang i bruk av antibiotika    

Antibiotika er viktige og effektive medisinar i behandling av infeksjonar som skuldast bakteriar. Bakteriar som er resistente mot antibiotika er eit aukande problem. Det betyr at bakteriane toler antibiotika, kan leve vidare og formere seg. Problemet med antibiotikaresistens har auka fordi vi bruker for mykje antibiotika, og framover blir det viktig å redusere bruken og å førebygge infeksjonar.

Tal for antibiotika føreskrive på resept og utlevert frå apotek til personar i alderen 0 til 79 år, syner at det har vore ein nedgang i 30 av 36 kommunar i fylket frå 2011 til 2016.  Seks kommunar har hatt ein auke i same periode, for to har auken vore liten.

I 2016 var det høgast tal på utlevering av antibiotika på resept per 1000 innbyggarar i kommunane Ulstein, Herøy, Hareid og Kristiansund. Lågast låg kommunane Sandøy, Midsund, Aure, Rindal og Aukra. Størst nedgang i talet på utleveringar av antibiotika på resept i perioden 2011 til 2016 var det  i kommunane  Rindal, Rauma og Stranda, alle med over 30 prosent nedgang. Ser vi på tal for alle fylka, så finn vi at det har det vore ein nedgang på mellom 15 og 21 prosent i same periode.  I Møre og Romsdal var nedgangen på 17 prosent.

Det nasjonale målet er å redusere bruken av antibiotika med 30 prosent frå 2012 til 2020. Det langsiktige målet er på 250 reseptar per 1000 innbyggarar per år (Antibiotikakomiteen, Folkehelseinstituttet).
Færre tilfelle av influensa vil truleg redusere overforbruket av antibiotika. Det er kommunane som har  ansvar for å tilby influensavaksine til eldre over 65 år og til andre risikogrupper. Ifølge Folkehelseinstituttet er deknings graden i Møre og Romsdal for personar over 65 år høgare enn for landet, med 27,6 prosent mot 23,8 prosent (influensasesongen 2015/2016).