Næringsstruktur
Framleis nedgang i sysselsettinga
I perioden 2012 til 2016 har sysselsettinga i Møre og Romsdal gått ned med 2,2 prosent eller 2 828 sysselsette.
I perioden frå 2012 til 2016 var sysselsettinga høgast i 2014 og lågast i 2016. Denne utviklinga skuldast både utviklinga i arbeidsmarknaden, men også måten statistikken er produsert på.
Frå og med 2015 bygger sysselsettingsstatistikken på A-ordningen, som er ei felles datakjelde for NAV, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå. Det betyr mellom anna at den registerbaserte sysselsettingsstatistikken ikkje blir samordna med Arbeidskraftsundersøkinga (AKU), og at berre dei sysselsette som har mottatt løn i referanseperioden, blir tatt med i sysselsettingstala. Det betyr også at alle sysselsette som av ulike årssaker ikkje har mottatt løn i denne perioden, blir fjerna. Dette gav særleg utslag i sysselsettinga i enkelte næringar, mellom anna jordbruk, skogbruk og fiske samt varehandel.
I tal sysselsette har nedgangen i perioden (2012–2016) vore størst innan industri, varehandel og jordbruk, skogbruk og fiske. Relativt sett har nedgangen vore størst innan jordbruk, skogbruk og fiske, finansiering og forsikring og informasjon og kommunikasjon. Den klart største veksten i talet på sysselsette var innan helse- og sosialtenester, med 1 636 sysselsette, mens den relativt sett var størst innan overnattings- og serveringsverksemd.
Næringsstrukturen i fylket skil seg frå landet elles, og særleg i den delen som er sysselsett innan jordbruk, skogbruk og fiske, sekundærnæringar og sørvisnæringar. Den delen som er sysselsett i sekundærnæringane, er 6,3 prosent poeng høgare i Møre og Romsdal enn på landsbasis, mens delen sysselsette innan sørvisnæringane er 6,3 prosentpoeng lågare enn på landsbasis. Innan næringane jordbruk, skogbruk og fiske er delen sysselsette «berre» 1,5 prosentpoeng høgare enn på landsbasis, men i prosent er denne forskjellen på heile 68 prosent.