Kvinnelege leierar
Lite fokus på rekruttering av kvinnelege leiarar
Institutt for samfunnsforskning gjennomfører regelmessig sitt «Core Toppleder-barometer». Her ser dei på fordelinga mellom menn og kvinner i styre og toppleiargrupper i dei 200 største selskapa i Noreg. Tala frå 2017 viser ein markant ubalanse i kjønnsfordelinga i toppleiargruppene (leiarar som rapporterer til toppleiar). Berre 20 prosent av desse er kvinner, og 93 prosent av dei 200 største selskapa har ein mann som øvste leiar.
For å få meir kunnskap om kjønnsfordeling blant leiarar i Møre og Romsdal og årsaker til dette, hyra fylkes kommunen inn Møreforsking til å gjennomføre ei spørje undersøking retta mot dei største private og offentlege verksemdene i fylket. Utvalet var alle verksemder med 50 tilsette eller meir. Undersøkinga gikk ut på e-post til HR-ansvarlege i 305 verksemder i mai 2017, og det kom inn 107 svar. Ein svarprosent på 35,1 kan i seg sjølv vere ein indikasjon på laber interesse for dette temaet i verksemdene.
Denne svake interessa blir stadfesta av resultata frå undersøkinga. Berre i 15 prosent av verksemdene er rekruttering av kvinner forankra i strategiske mål og handlingsplanar. Berre sju prosent gjer spesielle tiltak for å vende seg til kvinner når dei rekrutterer. Og berre ni prosent gjennomfører spesielle tiltak for å gjere det meir attraktivt eller lettare for kvinnelege tilsette å ta leiaransvar.
Undersøkinga viser elles at på leiarnivå 2 (dei som rapporterer til toppleiar) er kvinnedelen 37 prosent. Delen kvinnelege leiarar aukar ikkje vidare nedover i leiarhierarkiet. På leiarnivå 3 og 4 er kvinnedelen 38 og 35 prosent.
Det er framleis fleire menn enn kvinner som blir rekruttert til leiarstillingar. Av nyrekrutterte leiarar (alle nivå) i dei største verksemdene i Møre og Romsdal i 2016 var 60 prosent menn.