Tunnelar og bruer

Tunnelhøgde viktig for godstransporten     

Avgrensing i fri høgd i tunnelar kan representere eit hinder for høge køyretøy. Det skal i løpet av 2017 gjerast nye profilmålingar med laserskanning av fri høgd i alle tunnelane i fylket. Høgdemålingane vi har i dag er noko usikre, og det gjer det vanskeleg å vurdere omfanget av eventuelle tiltak for å auke fri høgd i låge tunnelar.

Litt over halvparten av tunnelane har fri høgd på meir enn 4,1 meter. Dette vil generelt vere  nok for ordinær godstransport. Spesifikt er tillaten høgd på vogntog til og frå kontinental-Europa 4,0 m pluss to prosent usikkerheit, noko som gir 4,08 m. Tømmerbilar med lang hengar treng derimot 4,2 m høgd (med kort hengar 4,4 m). Figuren viser tal på tunnelar med ulik høgdeskilting. Det er registrert fem rasoverbygg med skilta høgd 4,0 - 4.3 m og to overbygg under 4,0 m.

Mange eldre vegkonstruksjonar    

Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal omfattar om lag 1 200 berande konstruksjonar som skal inspiserast og vedlikehaldast basert på registrert tilstand. Ein konstruksjon blir rekna som bru når samanlagt spennvidde eller fri lengd er større eller lik 2,5 meter. Figuren viser samansetninga av desse konstruksjonane, fordelt på ulike typar. «G/S-bru» er her bruer for gåande/syklande (og vedlikehaldskøyretøy), mens «tunneloverbygg» er portalar og liknande over vegen. Konstruksjonar på omklassifiserte og nedlagde/sperra vegar er ikkje tatt med. Det omfattar konstruksjonar på vegar som er overført til kommunar eller utlagt til privat bruk, og dessutan nokre verna konstruksjonar.

Det er 733 vegbruer på fylkesvegane i Møre og Romsdal, og dei utgjer nesten to tredeler av dei berande konstruksjonane. Fylkesvegane har også ganske mange bruer i fylling, i alt 184. 

Halvparten av dei berande konstruksjonane er over 40 år gamle. 8 prosent er bygd i 1944 eller tidlegare