Sysselsetting alle næringar

Låg sysselsettingsvekst for landet, nedgang i Møre og Romsdal   

På landsbasis gikk sysselsettinga opp med 0,2 prosent eller 4 229 sysselsette frå 2015 til 2016. I fjerde kvartal 2016 var det i alt 2 591 930 sysselsette i landet. I 14 av 19 fylke gikk sysselsettinga opp, og størst vekst var det i Oslo og Akershus med høvesvis 5 798 og 3 181 fleire sysselsette. Dette var også den sterkaste veksten målt i prosent med 1,3 og 1,2 prosent.

I fem fylke gikk sysselsettinga ned, deriblant i Møre og Romsdal. Her var nedgangen på 851 sysselsette, frå 127 678 
 til 126 827. Dette er ein reduksjon på 0,7 prosent. Det var særleg i dei yngre aldersgruppene at sysselsettinga gikk ned i Møre og Romsdal. Sysselsette i alderen 15–24 år utgjer berre 12,1 prosent av alle sysselsette i fylket, men nedgangen i sysselsettinga i denne aldersgruppa utgjorde 49,1 prosent av den samla nedgangen.

Størst nedgang i sysselsettinga var det i Rogaland, både målt i tal og prosent, med ein nedgang på høvesvis 5 270 sysselsette eller 2,2 prosent. Det er ikkje overraskande sett i lys av utviklinga i oljeprisen og dei utfordringane det har gitt oljenæringa og leverandørindustrien. Av dei fem fylka som hadde nedgang i sysselsettinga, er tre på Vestlandet der oljerelaterte næringar sysselsett mange. Det gjeld Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal. 

I fylket var det sysselsettingsvekst i 18 av 36 kommunar, mens det var nedgang i 16 og uendra i 2. Utviklinga i kommunane liknar utviklinga frå 2014 til 2015, då kommunar med industri og sterk kopling enten direkte eller indirekte mot oljeindustrien, sleit. Sterkast vekst hadde Ålesund med 613 fleire sysselsette. Nedgangen var størst i Ulstein, med 629 færre sysselsette, ein nedgang på heile 11,8 prosent.