Tilstand lakselver

Få laksebestandar har god kvalitet   

Kvalitetsnorma for villaks er ein standard som alle laksebestandar bør nå. Målet er at bestandar blir ivaretatt og bygd opp att til ein storleik og ei samansetting som sikrar mangfald innanfor arten, og som utnyttar sjansane for produksjon og hausting av laksen.

For at ein laksebestand skal nå målet om tilstrekkeleg god kvalitet, må han ikkje vere genetisk påverka av rømt oppdrettslaks eller andre menneskelege påverknader, han må ha nok gytefisk (nådd gytebestandsmål) og ha eit normalt haustbart overskot.

Vitenskapelig råd for lakseforvaltning har vurdert til saman 148 bestandar etter kvalitetsnorma. Berre 29 bestandar (20 prosent) hadde god eller svært god kvalitet, som er kravet for å nå standarden etter kvalitetsnorma. Det vil seie at 119 bestandar (80 prosent) ikkje nådde krava som er sett i norma for minst god kvalitet. 52 prosent av bestandane hadde dårleg eller svært dårleg kvalitet.

I Møre og Romsdal er 19 elver vurdert etter kvalitetsnorma for villaks. Vitskapsrådet vurderte at berre fire av bestandane (21 prosent) hadde god eller svært god kvalitet. Det vil seie at 15 bestandar (79 prosent) ikkje nådde målet  i norma om minst god kvalitet. 47 prosent av bestandane hadde dårleg eller svært dårleg kvalitet.

Dei fleste av dei undersøkte bestandane i fylket nådde gytebestandsmålet. Årsaka til at så mange bestandar likevel ikkje hadde god nok kvalitet etter norma, var at dei var genetisk påverka av rømt oppdrettslaks og/eller ikkje hadde eit normalt haustbart overskot. Ein tredel av dei undersøkte laksebestandene (seks bestandar, 32 prosent) hadde så stor genetisk påverknad av rømt oppdrettslaks at dei vart klassifisert til å ha svært dårleg eller dårleg kvalitet. Av desse kom fem bestandar i kategorien svært dårleg. Berre seks av 19 bestandar hadde ikkje genetiske spor av rømt oppdrettslaks.