Kunstnarar og kunsttilskot

Få kunstnarar i Møre og Romsdal i 2015    

I 2015 var 522 av dei vel 21 000 kunstnarane i landet busett i Møre og Romsdal*. Dette er omtrent to kunstnarar per tusen innbyggarar, ein kunstnartettleik som er 51 prosent under landsgjennomsnittet. Samtidig har delen kunstnarar i fylket auka med seks prosent frå 2010. Nasjonalt har delen kunstnarar i befolkninga vore tilnærma uendra i same periode.

Av dei 522 kunstnarane er 342 musikarar eller komponistar, 29 scenekunstnarar, 129 visuelle kunstnarar og 22 forfattarar. Sett i forhold til den totale kunstnarbefolkninga er det relativt fleire musikarar og komponistar i Møre og Romsdal enn i landet elles, mens det er færre scene kunstnarar. 66 prosent av kunstnarane i Møre og Romsdal er musikarar og komponistar, mens delen nasjonalt er 58 prosent.

Samla tildeling til kunstnarar i Møre og Romsdal frå ordninga «Statens kunstnerstipend» var 2,34 millionar kroner i 2015. Desse pengane var fordelt på 15 tildelingar. Samla tildeling utgjer ni kroner per innbyggar i fylket, og er 82 prosent under landsgjennomsnittet. 

Ser vi på tildelingane fordelt på talet på kunstnarar busett i fylket, finn vi at samla tildeling per kunstnar er  4 475 kroner. Dette er klart mindre enn det nasjonale gjennomsnittet på 11 812 kroner. Også delen av innvilga søknader frå kunstnarar i Møre og Romsdal er lågare enn i landet elles. Av 130 søknadar om stipend i 2015 vart 15 innvilga. Mens 12 prosent av søknadene frå fylket vart innvilga i 2015, var snittet for landet 19 prosent. Av dei 15 stipenda som vart tildelt i 2015, var fire garanti inntekt frå staten.

Regionale tilskot auka    

Tildelinga frå fylkeskommunen innan ordninga «Kunstnarstipend» har auka frå 300 000 kroner i 2014 til 600 000 kroner i 2016. Dette inkluderer arbeidsstipend til visell kunst.