Uføre/sjukefråvær

Fleire uføre kvinner enn menn   

Per 31. mars 2017 var det registrert 15 066 mottakarar av uføretrygd i Møre og Romsdal. Det er 271 fleire personar enn på same tidspunkt i 2016, ein auke på 1,8 prosent. For landet samla var det ein auke på 1,3 prosent til 321 300 personar totalt.

Talet på mottakarar av uføretrygd som del av befolkninga mellom 18 og 67 år var 9,1 prosent i første kvartal 2017. Det er 0,2 prosentpoeng fleire enn på same tid i fjor, men er på same nivå som i 2012. Det er fleire kvinner enn menn som mottar uføretrygd. 61,5 prosent av dei uføre i Møre og Romsdal er kvinner. Dette er høgare enn landsgjennomsnittet, som er 58 prosent.

Det er store kommunevise variasjonar i kor stor del av befolkninga mellom 18 og 67 år som er uføre. Smøla har den høgaste delen uføre med 14,9 prosent, mens Stranda har lågast del med 6,2 prosent. Av dei tre største byane har Kristiansund 12,7 prosent, Ålesund 7,8 prosent og Molde 7,7 prosent.

Stabilt sjukefråvær  

Frå 1. kvartal 2016 til 1. kvartal 2017 har legemeldt sjukefråvær i Møre og Romsdal gått ned med 0,1 prosentpoeng til 5,8 prosent. Sjukefråværet var størst blant kvinner med 7,7 prosent, mens menn hadde 4,3 prosent. 

Sjukefråværet i Møre og Romsdal var litt høgare enn for landet der sjukefråværsprosenten var på 5,6. Av fylka hadde Sogn og Fjordane det lågaste sjukefråværet med 5,0 prosent, mens Finnmark hadde høgast med 6,5 prosent i 1. kvartal 2017.

Høgast del sjukefråvær var det i kommunane Nesset, Vestnes og Sykkylven, alle med 7,0 prosent eller meir. Lågast del hadde Sunndal kommune med 3,9 prosent.

I Møre og Romsdal er det helse- og sosialtenesta som har flest arbeidstakarar med sjukefråvær. Fråværet her utgjorde 31,3 prosent av alle sjukefråværa.