Regionale forskingsmidlar
Regionale forskingsmidlar
Møre og Romsdal er saman med Trøndelags-fylka ein del av Regionalt Forskingsfond Midt Noreg. Fondet lyser ut forskingsmidlar til næringsliv og kommunar. I 2016 gav fondet støtte til 25 prosjekt, nærare bestemt kvalifiseringsprosjekt, for til saman 12,1 millionar kroner. 13 av desse prosjekta var i hovudsak knytt til verksemder i Møre og Romsdal. Halvparten av dei tildelte midlane gjekk til prosjekt i Møre og Romsdal.
VRI-programmet, virkemidlar for regional FOU og inno- vasjon, i Møre og Romsdal gav støtte til 32 forprosjekt i 2016. Samla støtte var på seks millionar kroner.