Folketalsutvikling

Nest lågast folketalsvekst av fylka

Den 1. januar 2017 var det 266 274 innbyggarar i Møre og Romsdal. Folketalet auka med 984 personar frå 1. januar 2016, ein vekst på 0,4 prosent. I Noreg auka folketalet med 0,9 prosent i same periode. I Møre og Romsdal var auken 0,2 prosentpoeng lågare enn året før, mens veksten i landet var den same som i 2015.

Berre Oppland hadde lågare auke i folketalet i 2016 enn Møre og Romsdal. Der var veksten 0,3 prosent. Størst auke var det i Akershus, Sør-Trøndelag og Oslo med høvesvis 1,7, 1,3 og 1,3 prosent.

22 av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal hadde ein auke i folketalet i 2016. Størst auke i folketalet var det i Ålesund kommune med 52 personar. Deretter følgde Haram med ein auke på 112 personar og Molde med 90 personar.

Størst prosentvis auke var det i Halsa kommune med 3,4 prosent, følgd av Aure med 1,5 prosent og Haram med 1,2 prosent. Berre fire kommunar i landet hadde høgare prosentvis vekst enn Halsa. Sju kommunar i fylket hadde ein større folketalsvekst enn landsgjennomsnittet på 0,9 prosent. Dette var kommunane Halsa, Aure, Haram, Skodje, Giske, Ålesund og Smøla.

I dei andre 14 kommunane var det ein nedgang i folke talet i 2016. Sandøy kommune hadde størst prosentvis reduksjon i folketalet med -1,9 prosent, og deretter kom Vanylven med -1,6 prosent og Stordal med -1,5 prosent. Vanylven og Sandøy hadde også nedgang i folketalet året før. Berre ni kommunar i landet hadde større nedgang enn Sandøy.

Målt i tal personar var det størst nedgang i folketalet i Kristiansund. Der vart det 84 færre personar i 2016. Dei tre kommunane som var nærast Kristiansund var Vanylven, Vestnes og Sunndal. I desse kommunane vart det høvesvis 53, 34 og 34 færre personar i løpet av 2016.

Kraftig auke i innanlandsk nettoutflytting   

Folketalsutviklinga i den enkelte kommunen kan svinge frå år til år. For å få eit påliteleg bilde av den demografiske utviklinga må vi sjå dette over meir enn eitt år. I Møre og Romsdal kan 10 år vere fornuftig, sidan det er om lag 10 år sidan veksten i arbeids innvandringa starta. Flytting, innvandring og fødsels overskot er omtala nærare i eigne delkapittel, men nokre hovud linjer er nemnd her.

Folketalet i Møre og Romsdal auka med 20 889 personar frå 2007 til 2017, ein auke på 8,5 prosent. Veksten i landet var på 12,3 prosent i same periode. Folketalsveksten det siste tiåret var høgast i regionane med dei største byane, samt Akershus. Auken i Oslo, Akershus, Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag var høvesvis 21,5, 18,7, 16,7, 13,8 og 13,8 prosent. Møre og Romsdal var nummer elleve av fylka. Lågast var Nordland og Oppland med høvesvis 3,2 og 3,5 prosent.

Innvandringa er den viktigaste drivaren for folketalsutviklinga i fylket dei siste 10 åra. I toppåret 2012 var nettoinnvandringa til fylket 3 096 personar. I 2016 var talet 1 670 personar. Samla var auken i talet på innvandrarar busett i fylket på 19 726 personar frå 2007 til 2017. Flesteparten av innvandrarane er arbeidsinnvandrarar.

Fødselsoverskotet i 2016 var på 472 personar. Det er ein nedgang på 87 personar samanlikna med fødsels overskotet i 2015, som var 559 personar. Gjennomsnittleg fødselsoverskot i Møre og Romsdal i perioden 2006–2016 var 523 personar.

Det årlege innanlandske flyttetapet i perioden 2006–2016 var i gjennomsnitt -882 personar. I 2016 var den innanlandske nettoutflyttinga på -1 157 personar, som er ein auke på 17,2 prosent frå 2015. Vi må tilbake til 2006 for å finne eit like stort innanlandsk flyttetap.