Maritim Næring
Endringstid for maritim næring
Dei viktigaste kundane for den maritime næringa i fylket har vore oljerelaterte næringar, og nedturen der har påverka maritim næring i fylket i stor grad. I 2015 omsette maritime aktørar i fylket for om lag 63 milliardar kroner, og hadde om lag 15 000 tilsette, ifølge Maritim verdi skapingsbok for 2017. Samanlikna med året før er dette ein nedgang i omsetning på om lag sju milliardar kroner, og det er 2 000 færre tilsette i næringa. Vi har ikkje tal for 2016, men sjølv om det er teikn til ny aktivitet innanfor nye marknader, er det grunn til å tru at denne næringa vil vise ytterlegare nedgang i omsetning og sysselsetting.
Det som har kjenneteikna den maritime klynga i Møre og Romsdal, er at vi har hatt heile klynga representert lokalt; reiarlag som har kontrahert store deler av skipa sine i fylket, og som har utfordra designbedrifter, verft og leverandørbedrifter til innovasjon og nytenking.
I kjølvatnet av den kraftige nedturen offshore har det vore ei omfattande restrukturering av reiarlaga. Fleire reiarlag som tidlegare var kontrollert frå Møre og Romsdal, som Farstad shipping og REM Maritime, er slått saman med andre reiarlag og blir no styrt av aktørar utanfor fylket. Det er usikkert kva mindre grad av lokalt eigarskap i reiarlaga vil bety for den maritime klynga i fylket.
Marknadssituasjonen for reiarlaga som er retta inn mot oljeindustrien er framleis utfordrane. Opplagsregisteret viser at det i august 2017 ligg 133 skip i opplag. 47 av totalt 133 skip i opplag i august til høyrer reiarlag i Møre og Romsdal. Av totalt 133 skip i opplag, utgjer plattformsforsyningsskip (PSV) og ankerhandterings fartøy (AHTS) den største delen.
Auke i ordreinngangen for verfta
Den maritime næringa i Møre og Romsdal har greidd å tilpasse seg endringar i marknaden og rammetilhøva. Ordrereservane for verfta viser at den maritime klynga har tilpassa seg raskt, og ekspedisjonsskip, yachtar, større og avanserte skip til oppdrettsnæringa og fiskebåtar er kontra hert på verft i fylket.
Det er totalt 86 ordrar inne i ordreoversikta for nybygg på verfta i fylket i august 2017, og dette er betydeleg fleire enn på same tid i både 2015 og 2016. Ordreoversikta inkluderer også opsjonar og intensjonsavtalar. Det er viktig å påpeike at tala ikkje seier noko om omfanget på kvar ordre. Generelt kan vi seie at store skip er erstatta av mindre skip innanfor mange ulike segment.