Skattefunn

Fleire skattefunn-prosjekt   

I 2016 hadde bedrifter i Møre og Romsdal til saman 457 aktive skattefunn-prosjekt. Dette er 21 fleire enn i 2015. Samla budsjetterte prosjektkostnader var på 1 465 millionar kroner. Dette gav eit budsjettert skattefrådrag på 269 millionar kroner.  Samanlikna med landet elles har Møre og Romsdal relativt få prosjekt innan IKT og petroleum. Veksten i 2016 er særleg knytt til IKT og marin næring/sjømat. I Møre og Romsdal er det marine og maritime næringar som brukar ordninga mest.