Hovudpostar frå likninga
Inntektene i Møre og Romsdal lågare enn landsgjennomsnittet
Hovudpostar frå likninga viser median og kjønnsfordelte gjennomsnittsinntekter for innbyggarane i kommunane i fylket. Inntektsforskjellane er store, både mellom menn og kvinner, men også mellom kommunane i fylket. Det er viktig å presisere at bruttoinntekter femner om alle lønsinntekter, næringsinntekter, pensjonar og kapitalinntekter. Tala høver derfor ikkje til å illustrere forskjellar i løn mellom kvinner og menn, men dei viser heller summen av eventuelle forskjellar mellom alle inntektsformene.
I fylket var median bruttoinntekt (midtverdien om bruttoinntektene til alle innbyggarane i fylket var sortert stigande eller minkande) 366 700 kroner, mens ho på landsbasis var 374 200 kroner. Molde hadde høgast medianinntekt, og hadde, saman med sju andre kommunar i fylket, ei median bruttoinntekt som var høgare enn median bruttoinntekt i landet.
I gjennomsnitt var bruttoinntekta for begge kjønn i fylket
420 200 kroner mot 442 300 kroner for landet. Blant kommunane i fylket hadde Sandøy høgast gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn med 478 700 kroner, og Sandøy låg saman med fire andre kommunar i fylket over landsgjennomsnittet.
For menn var gjennomsnittleg bruttoinntekt i Møre og Romsdal 508 300 kroner mot 530 100 kroner for landet. Også for menn var Sandøy den kommunen i fylket som hadde høgast gjennomsnittleg brutto inntekt med 652 500 kroner. I tillegg til Sandøy hadde sju andre kommunar i fylket ei gjennomsnittleg brutto inntekt for menn over landsgjennomsnittet. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner i fylket var 328 700 kroner mot 328 700 kroner for landet. Blant kommunane i fylket var det berre Molde som låg over landsgjennomsnittet for bruttoinntekt for kvinner med 362 100 kroner.
På landsbasis utgjer gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner 66,8 prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn, mens ho i Møre og Romsdal utgjer 64,7 prosent.