Eksport

Over ti prosent av nasjonal eksport frå Møre og Romsdal   

Eksporten frå fastlands-Noreg, målt i verdi, fall frå 2015 til 2016 med over fire prosent for landet samla. Den samla eksporten frå Noreg var omlag 387 milliarder kroner i 2016. Eksporten frå Møre og Romsdal auka i same perioden med nærare tre prosent. Fylket styrka dermed i 2016 sin posisjon som det nest største eksportfylket i landet. Med over 39 milliardar i eksport bidrog fylket med over ti prosent av den samla eks porten frå landet. Eksportverdien per innbyggar i Møre og Romsdal er no nærare tre gonger gjennomsnittet for fylka.

Det er framleis kystfylka på Vestlandet som dominerer eksportstatistikken, med Hordaland, Møre og Romsdal og Rogland på dei tre øvste plassane. Når vi veit at eksportstatistikken ikkje omfattar uraffinert olje og gass, ser vi enda klarare kor viktig desse fylka er for utanriksøkonomien. Samtidig med at nedgangen i petroleumsretta næringsliv også påverkar eksportstatistikken negativt, har alle kystfylka hatt ein markant auke i eksporten av fisk og sjømat.

Av den samla eksporten frå Møre og Romsdal utgjer fisk og sjømat rekordhøge 18 milliardar kroner eller 46 prosent. Verdien av eksportert fisk frå Møre og Romsdal auka med nesten ni prosent frå 2015 til 2016. Møre og Romsdal er framleis det klart største fiskeeksportfylket i landet. Over 20 prosent av all norsk fiskeeksport, målt i verdi, kjem frå Møre og Romsdal.

Eksportverdien av fisk og sjømat held fram å vekse også i 2017, og tal for dei første sju månadene viser ein vekst på om lag 8 prosent samanlikna med same periode i 2016. For den samla eksporten viser tala derimot ein liten nedgang i denne perioden, noko som indikerer ein svekka eksport på andre område enn fisk og sjømat.