Elevar som ikkje fullfører yrkesfag

Fleire grunnar til manglande fullføring   

Medan 89,1 prosent av elevane ved studieførebuande studieretningar gjennomførar vidaregåande opplæring i løpet av fem år er tilsvarande tal for elevar ved yrkesfaglege studieretningar berre 64,7 prosent. Det er høgare del enn på landsbasis, men er framleis ei utfordring, kanskje særleg i fylket vårt, kor det er stor etterspørsel etter fagarbeidarar.

Delen elevar frå 2011-kullet som ikkje har fullført yrkesfagleg utdanningsprogram etter fem år, varierer ein del mellom kommunane i fylket. Det er også forskjell mellom kommunane i kva grad dette skuldast at dei har slutta undervegs, stroke på fagprøva, starta ny utdanning eller brukt lengre tid på utdanninga si. 

2011-kullet i Møre og Romsdal er det færrast elevar frå Smøla som ikkje har fullført yrkesfagleg utdanning, 17,7 prosent. Av elevane frå denne kommunen har berre 5,9 prosent slutta, mens 11,8 prosent strauk på fagprøva. Ingen er i vidaregåande opplæring etter fem år. I Rindal kommune har 18,1 prosent ikkje fullført. Halvparten av desse, 9,1 prosent,  er i vidaregåande opplæring etter fem år. 4,5 prosent greidde ikkje fagprøva, mens  4,5 prosent slutta. Smøla og Rindal er dei einaste kommunane med færre enn 20 prosent som ikkje har fullført. 

Stranda kommune har høgast del som har slutta med 35,7 prosent. Surnadal og Gjemnes følger nærast med høvesvis 31,8 og 31,3 prosent. 

Eide har størst del som er i vidaregåande opp læring etter fem år, 19,4 prosent. Deretter følger Norddal med 16,7 prosent og Vanylven med 15,4 prosent. Sande, Ørskog og Smøla har ingen elevar i denne kategorien.

Av dei tre største byane i fylket kjem Ålesund best ut. Der har 35,3 prosent av yrkesfagelevane ikkje fullført innan fem år. I Kristiansund er det same talet 38,5 prosent og i Molde 40,2 prosent. Kristiansund har færrast som sluttar undervegs, og flest som held fram i vidaregåande opp læring etter fem år.

Ein må merke seg at tala for enkelte kommunar kan vere små, og at enkeltelevar kan gjere store utslag.