Lån

Nokre kommunar har store lån i sertifikatmarknaden   

Kommunane har høve til å finansiere seg langsiktig med å rullere kortsiktige sertifikatlån. Sertifikatlån er gjeldspapir med løpetid opp til 12 månader. Kortsiktig finansiering krev rullering av låna ved forfall, noko som inneberer ein høgare refinansieringsrisiko enn for lån med lengre løpetid. Grunnen til at kommunane tar opp kortsiktige lån, er først og fremst pris. Lån med kort løpetid er billegare enn lån med lang løpetid. 

Oversikta over dei ulike lånekjeldene til kommuneforvaltninga viser at det har vore ein sterk vekst i opptak av sertifikatlån frå 2007. Sertifikatlån utgjorde 1/8 av den samla låneportefølja til kommunane ved utgangen av 2016, det vil seie i overkant av 56 milliardar kroner. For Møre og Romsdal ser vi at sertifikatlån har auka frå null til 7,5 milliardar kroner i same periode.

Av dei ti kommunane i fylket som har finansiering i sertifikatlån, er det særleg Haram, Kristiansund og Ulstein som har ein svært stor del av finansieringa i sertifikatlån.